
- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Gratis livredningskurs på Voldabadet og Årneset

Gratis todelt kurs i sjølvberging og livredning for alle over 16.år!
Del 1: Voldabadet, onsdag 17.september kl 1550-1900
Dagen startar med oppmøte utanfor inngangen til Voldabadet innan kl 1550
Det blir kort presentasjon og utdeling av symjeband/inngang til Voldabadet.
Før det vert eit raskt skifte og dusj, og vi møtes ved det store bassenget til ca ein time med praktiske øvingar i bassenget.
Etter dei praktiske øvingane vert det tid for ein dusj og skifte før vi møtes på Sosialt rom på VCA (rett over gangen frå Voldabadet) til gratis pizza og ei teoriøkt.
Del 2: Årneset, laurdag 20.september kl 11-13
Oppmøte på parkeringsplassen til Årneset ved Rotevatnet.
På denne utedelen av kurset må alle nytte våtdrakt. For dei som ikkje har eiga våtdrakt kan ein prøve å få låne med BUA.no, eller sjekke om friluftsrådet har ei ledig når du melder deg på.
Det blir praktiske øvingar i vatnet med repetisjon frå innedelen og nokre nye teknikkar.
For dei som vil kan ein avslutte kurset med å ta ei utandørs livredningsprøve med sertifisering!
(Evt livredningsprøve vert gjennomført utan våtdrakt)
Kursinnhald
På dette kurset får du lære ulike symjeteknikkar for sjølvberging og kameratredning. Du får prøve ulike metodar for å nytte forlenga arm i kameratredning, og det blir gjennomgang av HLR med tanke på drukningsulykker.
Auka tryggleik i, ved og på vatn handlar både om deg sjølv, og dei du er saman med. At du og kompisane dine er opne og tolerante i forhold til å «flytte grenser – ikkje pushe grenser!».
Eigne grenser handlar om sjølvinnsikt i forhold til eigne ferdigheiter og korleis du handterer kaldt vatn, bølgjer, straum og høgder ved hopping/stuping/dødsing.
Kurset vil formidle bevisstgjering om gode farevurderingar av område og forhold (kaldt vatn/bølgjer og straum).
Gjer alltid ei vurdering før du hoppar i vatnet; kor er det «trygt inn og trygt opp» av vatnet!
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte!
Oppsummering
For alle over 16.år (fyller 16 i 2025)
Pris: gratis (kurs, inngang til Voldabadet og pizza)
Del 1: Voldabadet, onsdag 17.sept kl 1550-1900
Del 2: Årneset, laurdag 20 kl 1100-1300
Utstyr: Badetøy, handkle og våtdrakt til del 2
Deltakartal: Maks 15 , minimum 6 deltakarar.
Påmelding så raskt som råd og seinast innan fredag 12.september.
Atterhald: Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar
Føresetnad for å bli med på kurset er at du er svømmedyktig.