- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Fagdag i Ulstein 2026
Fagdagen i år blir dag 1 av eit grunnkurs!
Ved å gi tilbod om å gjennomføre dag 1 av grunnkurset i forarbeidsveka vonar vi at fleire får moglegheiter til å gjennomføre grunnkurset i haust!
Dag 2 kan vi då anten gjennomføre som ein heil dag, eller som to litt utvida halve dagar slik at vi når den totale kursramma på 16 timar.
Fagdagen er open for alle!
Den er spesielt viktig for deg som ikkje har starta på kursstigen, eller har introduksjonskurset.
Har du vore med tidlegare og har tid og moglegheit og vil repetere litt teknikkar og ha ein kjekk dag i lag med oss andre er du hjarteleg velkommen!
Vi har funne eit par moglege startpunkt for kursdagen, men vi må avklare med grunneigarar om vi får lov.
Nøyaktig stad kjem derfor snart. Men kursdagen blir i Ulstein kommune.
Dato: Torsdag 13.august
Tidspunkt: 0830-1630
Stad: Ulstein kommune (nøyaktig stad kjem snart)
Fagdagen er gratis for lærarar som er med i kajakk i skulen!
Utstyr og utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte!
Påmeldingsfrist så raskt som råd!