- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Coasteering Langevåg 2026
Dette er eit gratis tilbod til ungdom i alderen 15-18.år.
Instruktørar: Morten Gjerseth og Christer Lundberg Nes, mobil 91246400
Tidspunkt: Søndag 21.juni kl 1100-1400
Informasjon dagen
Vi møtes ved badeplassen i Bolvika, og tek ei kort presentasjonsrunde og lagar ein plan for dagen.
Etterpå skiftar alle til våtdrakt.
Vi sett opp lavvoar til skifterom.
Når alle er klare skal vi utforske og vere undervegs rundt om øyane og holmane i området!
Vi har med ein kajakk eller SUP som følgjebåt.
«Coasteering er en aktivitetsform som innebærer svømming, klatring og hopping i fjæren. Aktiviteten gjennomføres normalt ikledd våtdrakt, flytevest og hjelm. Coasteering oppstod i Wales i 1980-årene og har siden spredt seg til andre land.» Kilde: Wikipedia
Føresetnad for å bli med er at du er svømmedyktig.
Friluftsrådet har noko utstyr som gode våtdrakter, sko og hjelmar til utlån.
- Men dessverre er det truleg ikkje nok utstyr til alle.
- Første person som sender inn ynskje får første pri til dette utstyret.
- Står det tomt i skjemaet er vi tomme for dette utstyret
- Har vi ikkje utstyr må du gjere vel og prøv å låne privat eller med Bua.no eller utstyrsbiblioteket på Sula
- Ynskje om utstyr kan du bestille i skjemaet til påmeldinga.
Her kan du lese om coasteering i Langevåg i fjor (hausten 2025)
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte deltakarar!
Påmeldingsfrist onsdag 10.juni
Påmelding i skjemaet under så raskt som råd!