- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Familiecamp på Kjeldsund
Familiecampen er eit nytt tilbod frå friluftsrådet i år.
Bli med på ei kjekk familiehelg for vaksne og barn/ungdommar med overnatting og mat på Kjeldsund.
I den fantastiske skjærgarden rundt Kjeldsund får familien kajakkopplæring i lag og i grupper slik at de seinare kan ha ein kjekk felles aktivitet å halde på med.
Kajakkopplæring på familiecampen er tilpassa både vaksne og born/ungdom og gir våttkort med introduksjonskurs etter våttkortstigen til Norges Padleforbund.
Med våttkort med introduksjonskursoblat får du låne eller leige kajakk med dei aller fleste BUA og kajakkutleigarar i Noreg
Campen går frå laurdag til søndag med mykje kajakkpadling og med ei overnatting på hovudhuset på idylliske Kjeldsund.
På dagane blir det kajakkpadling der vi får utforske øyriket rundt Kjeldsund, med mange spennande plassar å gjere strandhogg.
Og kanskje får vi sjå både ørn, sel og nise og anna fugle- og dyreliv.
På ettermiddagen og kvelden har vi tilgang til ballbane, skogen og gapahuken ved Kjeldsund til leik og aktivitetar for både små og store.
Tidlegare erfaring med kajakk?
Du treng ikkje ha tidlegare erfaring med kajakk, men det er ein fordel å vere trygg i vatn og du må vere svømmedyktig.
Born/ungdommar på familicampen
Det er ynskjeleg at born/ungdommar er ca 12 år eller eldre.
Aldersgrensa er ikkje absolutt. Vi har moglegheit til å ta med yngre deltakarar også, men borna må i tillegg til å vere svømmedyktige være store nok i kroppen/ha fysikk nok til å padle nokre timar kvar dag.
Utstyr
Kajakk, vest og åre får du låne med friluftsrådet. Men du treng kle til å være ute, badetøy og handkle og våtdrakt/tørrdrakt.
Det er viktig med våtdrakt/tørrdrakt og våtdraktsko for å kunne ha det meir komfortabelt og ha meir overskot når vi trenar på ulike redningar, eller har ulike balanseutfordringar og leikar oss i sjøen.
Dersom du ikkje har eiga våtdrakt/tørrdrakt kan du få låne utstyr med Bua Ulsteinvik, Bua Spjelkavika/Skattekammeret og Bua Volda m.fl
Finn di næraste BUA her: bua.no
Pris kr 1500.- per vaksen
Familiecampen er gratis for born/ungdommar under 18.år!
Pris per vaksen inkluderer kajakkurs, våttkort, overnatting og mat!
Ta kontakt dersom prisen er eit hinder for å delta.
Pris: kr 1500 per deltakar over 18.år. (Informasjon om betaling blir ettersendt til påmeldte)
Gratis for born/ungdom under 18.år!
Kven: Føresette og born/ungdom frå ca 12.år
Dato: laurdag 15.- søndag 16.august
Stad: Kjeldsund
La familiecampen bli den kjekkaste avslutninga på sommarferien i 2026!
Påmeldingsfrist 15.juni!
Meld deg på så raskt som råd på skjemaet under.
Det er avgrensa tal deltakarplassar!
Informasjon om betaling og meir detaljert informasjon blir sendt ut etter påmeldingsfristen.
Lite atterhald
Familiecampen blir gjennomført med minimum 10 påmeldte deltakarar