- Friluftsrådet
- Friluftsområde
- Plan for friluftslivets ferdselsårer
Gode kommunale planar for friluftslivets ferdselsårer er med på å identifisere, ivareta og utvikle ferdselsårene. Planane vil òg vere viktig kunnskap for å ivareta friluftsliv i anna arealplanlegging, og samtidig vere ein plan for korleis ferdselsårene kan utviklast på ein berekraftig måte.
Bistår kommunal planlegging
Stortingsmeld. 18 (2015-2016) «Friluftsliv – Natur som kjelde til helse og livskvalitet» er grunnlaget for ei nasjonal satsing på friluftslivets ferdselsårer, leia av Miljødirektoratet.
I perioden 2020-23 leiar fylkeskommunen prosjektet «Plan for Friluftslivets ferdselsårer Møre og Romsdal»
Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal deltek i prosjektet og skal der i gjennom bistå i kommunal planlegging for betre tilrettelegging for friluftsliv. Mange kommunar i fylket har tidlegare gjennomført «Kartlegging og verdsetting av friluftsområder» av friluftslivsområde (KVF), og har dermed eit godt grunnlag å gå vidare med utarbeiding av planar for friluftslivet sine ferdselsårer.
Fylkeskommunen har også ein stor database med om lag 2.500 GPS-spora turruter i morotur.no