- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Padlekurs for ungdom 2026
Kajakk er ein unik måte å oppleve kyst og vatn på, og gir raskt meistringsglede og vil for mange vere ein kjekk aktivitet ein kan halde på med heile livet.
Friluftsrådet tilbyr padleopplæring som er tilpassa ungdom. Det er leik, moro og læring i trygge rammer med dyktige rettleiarar som er aktivitetsleiarar i Padleforbundet.
Vårt mål er at flest mogleg ungdommar skal få oppleve «padleglede». Ved gjennomført introduksjonskurs eller grunnkurs får ungdommane våttkort, som dei kan vise for å få låne kajakk til dømes med Bua-ordningane.
Friluftsrådet vil i 2026 arrangere:
- Introduksjonskurs (3-4 timar)
- Padlecamp med introduksjonskurs (2 dagar)
- Padlecamp med grunnkurs (3 dagar)
- Familiecamp med introduksjonskurs (2 dagar)
På førespurnad kan friluftsrådet også arrangere
- Grunnkurs (16 timar)
- Teknikkurs (16 timar)
Førebels program for sommaren 2026:
Veke 33 (siste veka av sommarferien for skulane)
10.-11.august: Padlecamp med introduksjonskurs
12.-14.august: Padlecamp med grunnkurs
15.-16.august: Familiecamp med introduksjonskurs
Introduksjonskurs - for deg som vil prøve kajakk
På introduksjonskurs vil du få litt grunnleggande opplæring om kajakken, med litt tips og triks for å kunne oppleve meir meistringsglede.
Introduksjonskursa passar best for deg som vil prøve og teste ut om kajakkpadling kan vere ein aktivitet som du synest er kjekt å halde på med.
Kursa går over 3-4 timar.
Her kan du lese meir om kursinnhaldet med Norges Padleforbund
Kurset gir våttkort med introduksjonskursoblat. Noko som gir moglegheit til å låne kajakk med nokre av BUA ordningane.
Grunnkurs - for deg som vil lære meir
På grunnkurset lærer du meir om padleteknikkar, turplanlegging, vêr, farvatn og forhold og ikkje minst redningsteknikkar for å kunne redde seg sjølv og andre dersom ein skulle vere uheldig.
Du kan vere med på grunnkurset utan å ha tatt introduksjonskurset først.
Kurset er eit 16 timars kurs ofte fordelt over to lange dagar.
Her kan du lese meir om kursinnhaldet med Norges Padleforbund
Etter endt kurs får du våttkort med grunnkursoblat. Noko som gir moglegheit til å låne kajakk med dei aller fleste av BUA ordningane og andre utleigarar.
Teknikkurs - for deg som vil utvikle deg enda meir
På teknikkurset får du finpusse padleteknikkar du lærte på grunnkurset. Men også nokre nye teknikkar som gir større kontroll og gir fleire moglegheiter i kajakken. Noko som ofte gir enda større meistringsglede.
Du må ha gått grunnkurs før du kan delta på teknikkurs. Og du vil få størst utbytte av teknikkurset om du har fått padla litt etter eit grunnkurs.
Teknikkurs er eit 16 timars kurs, ofte fordelt over to lange dagar.
Her kan du lese meir om kursinnhaldet med Norges Padleforbund
Etter endt kurs får du teknikkursoblat til å feste på våttkortet ditt!
Dette treng du av utstyr
Du treng våt- eller tørrdrakt.
Ta med tørt skift i vanntette posar til å ta med i kajakken, samt mat og drikke.
Har du ikkje eigen våtdrakt eller tørrdrakt er det mange utstyrsbasar i regionen har utstyr til gratis utlån - sjekk her for oversikt
Du får låne kajakk, åre, spruttrekk og vest med Sunnmøre friluftsråd.
Utfyllande informasjon og pakkeliste blir sendt til påmeldte.
Prisar
Friluftsrådet er eit interkommunalt samarbeidsorgan eigd av kommunane på Sunnmøre og Vestnes.
Vi finansierer kajakkopplæring for barn og ungdom med tippemidlar og støtte frå ulike stiftingar.
Noko som gjer at vi generelt kan tilby kurs og aktivitetar til ein svært låg eigenandel/kursavgift.
Friluftsrådet jobbar med søknadar og ekstern finansiering for 2026 slik at kurs og padlecampar blir så rimeleg som råd, og aller helst gratis!
Før vi har fått svar på søknadane er førebelse prisar for 2026:
- Introduksjonskurs kostar kr 150.-
- Padlecamp med introduksjonskurs (2 dagar/1 natt) er med overnatting og mat og kostar kr 750.- per ungdom
- Padlecamp med grunnkurs (3 dagar/2 netter) med overnatting og mat og kostar kr 950.- per ungdom
- Familiecamp med introduksjonskurs (2 dagar/1 natt) med overnatting og mat kostar kr 1500.- per føresett, og kr 150 per barn/ungdom