Hopp til hovedinnhold

MENY

Sommaraktivitetar 7.-9.august 2026

Friluftsrådet inviterer til 3 spennande og kjekke dagar for ungdom i alderen 13.-17.år på badeplassen på Rjånes/Liadal.

Med dyktige leiarar frå Sunnmøre friluftsråd og med base på Rjånes badestrand blir det masse kjekke sommarktivitetar med bading, fisking, SUP padling og leikar mm.

To av dagane planlegg vi fellesmåltid med mat på bål/grilling, men ein av dagane må du ta med eigen niste.

Vi håpar også å få til ein båttur og ekspedisjon ut til Raudøya og ein fjelltur.

Pris: Kr 300.- per person som eit bitte lite tilskot til aktivitetar og mat mm

Ta kontakt om prisen er eit hinder for delta.

 

Rjånes badestrand i Ørsta finn du her: Klikk her for Google map

 

Organisert transport til og frå Rjånes

Friluftsrådet organiserer transport tur/retur kvar dag frå Volda/Ørsta - Liadal og dersom det er fleire ungdommar som har reiseveg frå Vartdal eller Garneskrysset/Ulstein.

Gi oss beskjed i påmeldinga dersom du ynskjer transport til og frå Rjånes!

 

Aktivitetar

Med litt tilpassing etter vêr og vind blir det:

  • Bading
  • SUP padling
  • Fisking
  • Volleyball
  • Andre ballspel og leikar
  • Båttur til Raudøya?
  • Mat på bål
  • Fjelltur

 

Pris: kr 300 (Informasjon om betaling blir ettersendt til påmeldte)

Kven: Ungdom mellom 13.-17.år

Dato: 7.-9.august (alle dagar kl 1100-1700)

Stad: Rjånes badestrand i Ørsta

 

Detaljert pakkeliste blir sendt til påmeldte.

Men du bør truleg ta med:

  • Solbriller og solfaktor ;-)
  • Caps?
  • Badetøy og handkle
  • Gjerne våtdrakt (evt lån på Bua?)
  • Fiskeutstyr (om du har og har lyst)
  • Drikkeflaske og drikke
  • Fat, kopp og bestikk
  • Turtøy og noko varme klesskift

 

Påmeldingsfrist 15.juni!

Meld deg på så raskt som råd på skjemaet under.

Det er avgrensa tal deltakarplassar på grunn av transport og friluftsrådet sitt leiararansvar med vassaktivitetar for ungdom.

Informasjon om betaling og meir detaljert informasjon blir sendt ut etter påmeldingsfristen.

 

Lite atterhald

Sommarcampen blir gjennomført med minimum 8 påmeldte deltakarar.

 

Sommarcamp Liadal 2026

Sommarcamp Liadal 2026

Deltakarinformasjon

Sommaraktivitetane er for ungdom i alderen 13.-17. år.

Vi prøvar å organiserer gratis transport til og frå Liadal

Ynskje om transport til og frå

Dersom du ynskjer å hoppe på transport på ei av hovudrutene Volda/Ørsta - Liadal eller Vartdal - Liadal så gjer vel og skriv namnet på mellomstoppen her! Det er usikkert om vi får til å sette opp transport frå Ulsteinvik/Garneskrysset. Men skriv gjerne ynskje om det her så ser vi kva vi kan få til!

Spesielle behov/tilpassingar

Mat/matallergi/matintoleranse 

Allergi/astma/insektstikk mm. Her kan du gi viktig informasjon om deltakar til friluftsrådet og leiarane. Kva vi må ta omsyn til og korleis skal vi eventuelt handtere det. Du kan også be leiarane ta direkte kontakt med deg for gi oss meir utfyllande informasjon. Dersom du har kryssa av for "anna" på spørsmålet om mat er det viktig at du gir god informasjon til friluftsrådet og leiarane her. Er det ingen viktig/utfyllande informasjon kan du sette ein X i feltet

Kontaktinformasjon til føresette

Kopi av utfylt skjema vert sendt direkte til denne e-post adressa. Dersom du IKKJE får automatisk kopi av skjemaet har du fylt ut feil i denne e-post adressa! Gjer vel og dobbeltsjekk at e-post adressa er korrekt!

Samtykke og personvern

Løyve til aktivtetar i, ved og på vatn 

Sommarcampen ynskjer at borna skal få vasse og bade dersom dei har lyst og det ikkje kolliderer med andre aktivitetar. Det blir berre bading/vassing under tilsyn av minimum ein av leiarane. Ansvarlege leiarar for bading har gått utandørs livredningskurs med godkjend livredningsprøve. Evt aktivitet i kajakk eller båt blir gjennomført under rettleiing av leiarane.

Løyve til bilde 

Friluftsrådet treng bilde til dokumentasjon på gjennomført aktivitet med bruk av prosjektmidlar. Bilde kan bli nytta av friluftsrådet og fylke/stat til å marknadsføre kurs, aktivitetstilbod eller som illustrasjonsbilde. Det blir ikkje tatt bilde av ungdommane med badetøy. Du gir også løyve til at media kan intervjue og ta bilde/film dersom ungdommen sjølv har lyst/gir samtykke i situasjonen.

Personvern 

Alle opplysningar som vert gitt i dette skjemaet vert berre nytta av friluftsrådet og leiarane på sommarcampen til det beste for deltakar og for praktisk organisering og gjennomføring av campen. Leiarane har teieplikt. Informasjonen vert lagra i friluftsrådet sin database. Ingen informasjon vert vidaresendt til andre.

Meir informasjon til friluftsrådet

Her kan du skrive utfyllande informasjon til friluftsrådet. Du kan skrive beskjed til leiarane om det er noko vi bør vite eller prøve å ta omsyn til. Dette feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt.

Informasjon om betaling blir ettersendt påmeldte

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.