- Friluftsrådet
- Ut på tur
- Stikk UT!
Gjennom Stikk UT! kan deltakarane registrere turmål i heile Møre og Romsdal og Heim kommune i Trøndelag. Turane kan ein registrere enten i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no.
Sommarsesongen varer fra 1. mai til 31. oktober, og vintersesongen med ski og fotturar frå 15. desember til 15. april
Stikk UT! blir drifta av dei to friluftsråda i fylket; Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre Friluftsråd, i tett samarbeid med medlemskommunane, frivillige og grunneigarar.
Det er kommunane sjølv som velger ut kva for turmål dei vil ha med i sesongane, og på den måten får dei vist fram flotte turområde rundt om i kommunen sin. Og innbyggjarar frå andre stadar får oppleve og sjå nye turmål - mange ukjende perler - som dei truleg ikkje ville ha kome over utan tips gjennom Stikk UT!
Alle Stikk UT!-turane er skilta, har retningspiler i stikryss og har turomtalar med spor i kart (digitalt). Dette gjer det enkelt og trygt å finne fram.
God tur!