
- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Dødsing/ hopping/ stuping i Voldabadet

På tysdag 2.september, tysdag 9.september og tysdag 16.september blir det organisert transport til og frå Ørsta og Voldabadet.
I Voldabadet er det dødsing/hopping/stup som står på programmet.
Yrjan Olsnes er ressursperson frå friluftsrådet og kan formidle litt tips og triks til ungdommane som er på Voldabadet desse kveldane.
Vi gjer merksam på at dette ikkje er eit kurs, men er ei moglegheit til å få vere med og lære litt i tillegg til å prøve seg sjølv.
Tilbodet er gratis og du kan velje vere med på ein, to eller alle tre tysdagskveldane.
Friluftsrådet stiller med 16 plassar desse kveldane.
Oppsummering:
- Gratis transport til og frå Ørsta
- Gratis inngangsbillett med dødsing/stuping/hopping i Voldabadet
- Avreise med (mini)buss frå Ørsta ca. kl. 1830 med retur til Ørsta ca. kl. 2100
- Du kan velje ein, to eller tre kveldar:
- Tysdag 02.september kl. 1830-2100 (Voldabadet kl. 1900-2030)
- Tysdag 09.september kl. 1830-2100 (Voldabadet kl. 1900-2030)
- Tysdag 16.september kl. 1830-2100 (Voldabadet kl. 1900-2030)
- Utstyr: Ta med badetøy, dusjsåpe og handkle
Viktig:
Ungdommane som melder seg på må vere sjølvstendige og symjedyktige.
Ungdommen må også kunne ta i mot råd og følgje beskjedar og instruksjonar frå friluftsrådet og vaktene på Voldabadet.
Utfyllande informasjon og stadfesting om plass blir sendt til påmeldte.
Påmelding så raskt som råd: