- Friluftsrådet
- Stikk UT! inviterer til ekstra aktivitet i friluftslivets veke
Friluftslivets veke blir ei spesiell veke denne gongen. Norge er i landesorg etter at kong Harald V gjekk bort, og midt under festivalen skal vi ta farvel med ein konge som gjennom heile livet hadde eit nært forhold til norsk natur og friluftsliv.
Samtidig er det nok mange av oss som kjenner på behovet for å komme oss ut, få litt frisk luft og vere saman med andre. Ein tur kan hjelpe og kan gi eit lite pusterom. Kanskje er det nettopp no vi treng kvarandre og naturen litt ekstra.
Ekstra aktivitet
Stikk UT! Festivalen handlar ikkje om prestasjon, men om å finne gleda i å vere ute. Gjennom friluftslivets veke blir alle, uansett alder og form, invitert til å bruke naturen som møteplass og legge inn litt ekstra aktivitet.
Alle som melder seg på Stikk UTFORDRINGAR, og går minimum 10 Stikk UT!-turar under den ni dagar lange Stikk UT!-festivalen, er også med i trekking av fine friluftspremiar.
Gå inn i Stikk UT!-appen og finn ei «utfordring» nær deg og meld deg på. I Stikk UT! er det både lange og korte turar, finn ein tur som passar deg. Og inviter gjerne med ein ven.