presenningskast.jpg

Skinstøylen (Volda) 2020 >

Friluftsskule i Volda i veke 27; 29.juni-03.juli

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Skinstøylen ligg oppom Volda Golfbane ved Rotevatnet.

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca. kl 0900-1600. 

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Orientering
  • Tur
  • Leikar mm.

Til saman er det 20 plassar på Friluftsskulen i Volda. 

Leiarar

Leiarane heiter Ellen Marte Solem, Sol Idland, Jostein Heidenstrøm og Emil Aslaksrud.

Eventuelle spørsmål om friluftsskulen sendes til koordinator Ingrid Rui, på e-post friluftsskule@friluftsraadet.no eller ein tek kontakt på tlf: 99596928

Covid-19 tilpassing på friluftsskulane:

  • Grunna situasjonen med Covid-19 vil borna delast inn i to faste grupper på 10 og 10 born.
  • Kvar gruppe vil ha to faste leiarar som er saman med borna.
  • Desse to gruppene kjem til å jobbe sjølvstendig gjennom heile friluftsskulen.
  • Smittevernråd er at born som treng transport vert køyrd i lag med eigen familie.
  • Mindre moglegheiter for samkøyring vil medføre meir trafikk så vi kjem og til å organisere differensiert levering og henting.
  • Det betyr at ei gruppe vil starte tidlegare enn den andre gruppa:
  • Gruppa A (10 barn) oppmøte kl 0900 - slutt kl 1545
  • Gruppe B (10 barn) oppmøte kl 0915 - slutt kl 1600
  • Det vert organisert gode rutiner for handvask eller handsprit, og aktivitetane vil ikkje legge opp til fysisk nærkontakt.
  • Som smitteførebygging vert det desverre ikkje felles matlaging i år og borna må difor ta med eigen mat. 
  • Det vert heller ikkje overnatting på friluftsskulane i år.

 Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar.

Måndag 29.06 - Aktivitetar ved Skinstøylen

09.00-15.45 (09.15-16.00). Bli kjent, bading, leikar og aktivitetar

Tysdag 30.06 - Aktivitetar ved Skinstøylen

09.00-15.45 (09.15-16.00). Orientering, spikking, bading, leikar og aktivitetar

Onsdag 01.07 - Aktivitetar ved Skinstøylen

09.00-15.45 (09.15-16.00). Orientering, spikking, bading, leikar og aktivitetar

Torsdag 02.07 - Turdag

09.00-15.45 (09.15-16.00). Turdag, samt førebuing til tureventyr .

Fredag 03.07 - Tur og avslutning

09.00-15.45 (09.15-16.00). Turdag, tureventyr.

Utfyllande informasjon med dagsplan, pakkeliste, turmål og informasjon om smitteførebyggande rutiner i forhold til Covid-19 vert sendt til påmeldte deltakarar.

Påmelding innan tysdag 23.juni:

Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar.

12 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar. 

 Friluftsskulen har eit tak på ca 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar.

Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under. Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.

Påmeldingsfrist tysdag23.juni

 Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.