- Friluftsrådet
- Ny Naturmøteplass på Larsnes – vi inviterer til tur og sosialt fellesskap
På Naturmøteplassen kombinerer ein det enkle friluftslivet med sosialt fellesskap og trivsel. Her handlar det ikkje om å gå lengst eller raskast – men om å vere ute saman.
Naturmøteplassen er for alle som likar å gå tur og set pris på gode møte med andre ute i naturen. Etter å ha gått ein liten tur kjem ein fram til gapahuken der det er fyr i bålpanna, og hyggelege vertar serverer varm drikke med noko til (gratis).
Enten ein kjem åleine eller saman med andre, er terskelen låg og fellesskapet stort. Her er det plass til alle som ønskjer frisk luft, gode samtalar og ei hyggeleg stund ute i naturen.
Fellsskap, tur og kaffe
Tiltaket er eit samarbeid mellom Sunnmøre friluftsråd og Sande Frivillegsentral, medan lokale frivillige vertar vil stå for gjennomføringa frå veke til veke.
Vardevegen er ein svært populær og mykje brukt tursti, med lett tilkomst frå fleire plassar.
Alle er hjarteleg velkomne innom. Ta gjerne med eigen turkopp!
Følg med på Sande Frivillegsentral si Facebook-side for meir info.