- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Lån av utstyr
Friluftsorganisasjonar, skular, barnehagar og SFO kan låne følgjande:
Friluftsrådet har eit klassesett med allround diskar til frisbeegolf (også kalla diskgolf) som blir lånt ut til lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO.
Frisbeegolf er ein sport som har blitt svært populær dei siste åra, og det har blitt etablert mange baner rundt om i regionen.
Som namnet tilseier frisbeegolf ein kombinasjon av frisbee og golf. Kvar deltakar har sin eigen frisbee og ein kan konkurrere mot seg sjølv eller andre. Målet er å treffe ein avtalt blink på færrast mogleg kast.
I tillegg til å bruke etablerte baner er det enkelt å lage si eiga bane ved å merke ei løype og postar/gjenstandar som ein skal treffe eller kaste gjennom.
Det er fleire måtar og organisere aktiviteten på. På sidene diskgolf.no og frisbeegolf.no finn du meir informasjon om spel og aktivitetar.
Fyll ut skjemaet under for lån. I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det du ønsker, eller at det er ledig. Vi ber deg difor om å vente til du har motteke stadfesting frå oss på e-post om at utlånet er i orden. Vi svarar så raskt vi klarer.