Stikk-UT_1.JPG

Om Stikk UT!

Stikk UT! er ein spennade elektronisk turkassetrim folk i alle aldrar!

Stikk UT! er ein felles turkassetrim for dei ni medlemskommunane i Sunnmøre friluftsråd og dei 15 medlemskommunane til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Du kan registrere turar i alle kommunane uavhengig av kva for eit av friluftsråda kommunen din er medlem i.

På turmåla er det sett opp turkasse der du både finn koden for Stikk UT!-turen og besøksbok du kan signere i. OBS: Du må registrere koden her på nettsida til Stikk UT! eller i mobilappen Morotur (last ned gratis til mobiltelefon) for å få turen registrert. Det er ikkje nok å skrive namnet ditt i turboka!

Slik gjer du det:

1. Gå inn på «Registrer deg» og fyll ut skjemaet. Under «Familiemedlemmer» kan du føre opp barn som ikkje har eiga e-postadresse. Når du seinare registrerer turkodar kryssar du av for dei som var med på turen.

2. På «Mi side» får du oversikt over turane dine.

3. «Toppliste» og «Statistikk» gir deg oversikt over både eigne og andre sine turar og turmål.

4. Under «Turar», «Sjå turar» og kvart kommunenamn finn du detaljert informasjon om kvart turmål.

5. Du kan registrere turkodane både på nettsida og eller i mobilappen "Morotur". 

Stikk-UT_2.JPG

Vi har endra namn til Sunnmøre friluftsråd! Tidlegare Friluftsrådet for Ålesund og omland 

Stikk UT! er ein populær turkassetrim dei alle fleste kan vere med på. 

Også dei med rullestol, barnevogn, trehjulsykkel eller rullator kan finne turar som passar. Kor krevjande ein tur er kjem an på den som går. Kvar tur gir derfor 1 poeng, uansett vanskegrad.

Sunnmøre friluftsråd innførte Stikk UT! i dei ni medlemskommunane i 2015. Første sesongen registrerte 3 247 brukarar heile 47 641 turar frå 1. mai til 31. oktober. Turkassetrimmen er utvikla av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som har 15 medlemskommunar. 

I 2016 har Sunnmøre friluftsråd 119 turmål. Deltaking i Stikk UT! gir flotte naturopplevingar, glede, betre helse, meir lokalkunnskap - og det er kjekt!
På turmåla finn du turkasse med besøksbok og Stikk UT!-koden for turen.

Du må registrere koden under Mi side ved å klikke på den raude Stikk UT!-banneren oppe til høgre på sida vår når turen er over (ta bilde eller noter koden). Eller registrer turen direkte i appen Morotur på smarttelefon om der er mobildekning.

Det er ikkje nok å signere i turboka for å få turen registrert i Stikk UT!

Stikk UT!-sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.


Stikk-UT_3.JPG

Eigen app for Stikk UT! og Morotur.no

Visste du at du finn informasjon om meir enn 1250 turar i Møre og Romsdal på morotur.no? Både for sykkel, ski, padling og fotturar? Og at Stikk UT!-turane er med i denne turdatabasen?

Eigen app for  Morotur med Stikk UT!-registrering
Møre og Romsdal fylkeskommune står bak appen "Morotur", som gir nyttig og fyldig informasjon om turar i fylket. Stikk UT! har ein sentral plass i appen. Du kan laste ned informasjon om turar, kart og også registrere kodane for Stikk UT!-turar. Appen er gratis og kan lastast ned både frå Google Play og App Store.

Samarbeid gir resultat
119 Stikk UT!-turmål på Sunnmøre og i Vestnes er råd å få til fordi ni kommunar, frivillige, grunneigarar og dei to friluftsråda i fylket samarbeider. Men utan offentlege tilskot og private sponsorar hadde ikkje Stikk UT! blitt realisert. 
Det aller viktigaste er likevel at mange, både små og store, unge og gamle, brukar tilbodet. Det høge talet på deltakarar er avgjerande for offentlege og private bidrag til finansieringa. Til fleire som registrerer seg som brukarar til lettare blir det å skaffe pengar og til å dokumentere kva turkassetrimmen betyr for folkehelse, glede og livskvalitet.

Tusen takk til alle som bidreg til å gjere Stikk UT! til ein stor suksess!

Stikk-UT_4.JPG

Registrer turane dine under Stikk UT!-banneren opp til høgre

Registrering:
Det er enkelt å registrere seg sjølv og familiemedlemmar som brukarar.

Statistikk:
Sjå statistikk fordelt på namn, kommune og turmål

Turkode:
Her skriv du inn koden du finn i turkassa


Stikk UT! Bedrift  Nytt tilbod frå 2016!
Bruk Stikk UT! som eit helsefremjande trivselstiltak på jobben. Konkurrer om flest turar internt og med andre arbeidsplassar. Eiga nettside for næringslivet med toppliste og høve til å gjere det betre enn konkurrenten!


Stikk-UT_5.JPG

Fann du ikkje koden?

Det kan vere at kodearket av ein eller annan grunn har blitt borte frå turkassa. 

Send melding til Sunnmøre friluftsråd via Facebook eller som e-post til: may@friluftsraadet.no 


Milliongåve frå Gjensidigestiftelsen 
Det er ikkje kvardagskost for friluftsrådet å ta imot heile ein million kroner. Men så stor var summen på sjekken Halldor Lillebø, krinsleiar for gåveutvalet til stiftelsen i Møre og Romsdal, overleverte til Stikk UT! rett før jul. Styret i krinsen meiner Stikk UT! oppfyller så mange av dei gode formåla stiftelsen ønskjer å støtte at dei ville løyve ein sum som verkeleg monnar.  Pengane skal brukast til nye turmål i Stikk UT! i tre år framover. Eit langsiktig mål er at Stikk UT! etter kvart skal bli eit tilbod til befolkninga i alle kommunane på Sunnmøre.

Stikk-UT_6.JPG

Allemannsretten gir rett til fri ferdsel og hausting i utmark, så lenge ein tek omsyn til natur, dyre- og planteliv og andre sin eigedom

Stikk UT! har turar for dei aller fleste og har gradering av vanskegraden eller lengda på turen

Grøne turar er dei kortaste og lettaste og skal i hovudsak gå på gode stiar og turvegar. Ein del av dei kan også folk i rullestol klare. Turane skal ikkje vere lengre enn 5 km., ha moderate stigningar og ikkje vere over 300 høgdemeter.

Blå turar passar for dei fleste med litt turerfaring. Kan ha litt bratte stigningar og stiar i terreng. Skal ikkje vere over 10 km. og ha meir enn 600 høgdemeter.

Raude turar er for erfarne turgåarar og krev gode fjellsko og turutstyr. Det kan vere krevjande parti på turen, både bratte og luftige område og elvar som må passerast. Skal ikkje vere lengre enn 20 km. og på meir enn 1000 høgdemeter.

Svarte turar er for erfarne fjellfolk med godt utstyr, og kunnskap om kart og kompass. Inga avgrensing i lengde, høgdemeter eller vanskegrad.

Stikk UT!-T-skjorte frå Devold
Devold har produsert ei spesialdesigna T-skjorte i nydeleg ullkvalitet for Stikk UT!. Alle som går minst sju turar i løpet av sesongen (seks turar for barn under 10 år) kan kjøpe T-skjorta i nettbutikken til friluftsrådet på www.friluftsraadet.no. Vi samlar opp bestillingane og leverer ut til kommunane når sesongen er over. Der kan kjøparane hente varene sine på kommunehuset eller frivilligsentralen. Melding om henting blir sendt ut som nyheitsbrev på e-post og informert om på Facebook. 

Stikk-UT_7.JPG

Friluftsrådet er aktive på Facebook. Klikk på lenkene til høgre for å kome til sidene våre!

Stikk UT! på Nordmøre og Romsdal

Som registrert Stikk UT! brukar kan du sjølvsagt også gå turar og registrere desse i den same kontoen som du allereie har!



Sunnmøre friluftsråd er aktiv på Facebook!
Om du vil følgje med på aktiviteten vår under facebook så kan du klikke på lenkene under.

Vår hovudside om friluftsrådet sin aktivitet og Stikk UT!-Sunnmøre og Vestnes:

Vår hovudside for aktivitet- og ferietilbod til barn og ungdom:

Vår hovudside for Skikompis og trygg ferdsel i vinterfjellet:
Stikk-UT_8.JPG

Sunnmøre friluftsråd: Vi inviterer til friluftsliv!

Takk til samarbeidspartnarar for å gjere Stikk UT! mogleg

Takk til:
Gjensidigestiftelsen

Møre og Romsdal fylkeskommune

Stiftelsen Kjell Holm

Friluftsrådenes Landsforbund

Devold



Informasjon om friluftsskular 2016 finn du ved å klikke på lenka under:
Stikkut_kart_2016.jpg

Stikk UT!-kartet 2016. Klikk på lenka til høgre for å opne stort bilde

Kart over Stikk UT!-turar 2016