
- Friluftsrådet
- Stikk UT! Festival i friluftslivets veke

Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av de 620 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur!
Teltjakt
Alle som registrerer Stikk UT!-tur denne veka er med i trekning av mange flotte premiar.
Kvar tur tell som eit lodd, dess fleire turar dess større vinnarsjanse!
Hovudpremien er eit Abisko Friluft 2-mannstelt fra Fjällräven med god kvalitet (frå Norsk Friluftsliv og Møre og Romsdal fylkeskommune).
INTERSPORT stiller også med mange flotte premiar nasjonalt, og det blir også turhelsing frå dei i appen gjennom veka.
Les meir her.

Kåring av finaste Stikk UT!-tur
I løpet av festivalveka kan ein også melde inn kva ein syns er den finaste Stikk UT!-turen i si heimkommune. Også her blir det trekt premiar blant dei som sender inn.
Les meir og meld inn din favoritt her:
Kva er Stikk UT!-favoritten i di heimkommune?
Stikk UT! Bedrift
Som ein del av markeringa av friluftslivets veke oppfordrar vi alle Stikk UT!-bedrifter til å stikke ut i lunsjen og legge turen til eit Stikk UT!-turmål. Her er det også eigne premiar til dei mest aktive bedriftene (per tilsett).
Sett deg gjerne dine egne mål. Klarer du for eksempel å gå sju turer på 24 timer?
Då er det berre å knyte turskoa og komme seg ut på tur i den vakre årstida. God tur!
