
- Friluftsrådet
- Bli med på Friluftsbingo i haust!

I Friluftslivets år 2025 ønsker vi å motivere folk til å finne si friluftsglede og invitere fleire ut for prøve ut ulike aktivitetar. Derfor har vi laga ein friluftsbingo som kan brukast til nettopp dette.
Det er die ulike friluftsorganisasjonane i Møre og Romsdal som står bak Friluftsbingoen. Vi håpar mange tar den i bruk og blir med i trekking av fine premiar.
Vi trekker ut flotte premier blant alle som sender inn bingo-arket innan 3. november.

Slik deltek du
1. Last ned bingoarket her og skriv ut
2. Velg ut aktivitetar du vil gjennomføre og kryss av når dei er gjennomført.
3. Når du har fått kryssa av fire aktivitetar – enten vassrett, loddrett eller diagonalt får du BINGO og kan vere med i trekking av 50 premier.
Klarer du alle 16 aktivitetane får du SUPERBINGO og er med i trekking av 16 større premiar.
4. Ta bilde av bingokortet og send inn her (scroll litt ned på sida når linken opnar seg)
Bingokortet må vere innsendt før 3. november og premiane trekkast og delast ut etter det.
5. Alle vinnarar blir kontakta, og informasjon om utlevering/henting av premie blir avtalt.
Hugs å skrive namn, adresse og telefonnummer på arket før du tek bilde av det.
