Hopp til hovedinnhold

MENY

Vinterferieleir i Sykkylven 2026

Ungdom i ungdomskulen er velkomne på gratis vinterferieleir ved Nysætervatnet i Sykkylven. Det blir kjekke og varierte vinteraktivitetar med ski, aking, truger, capture the flag mm

Vi gjentek suksessen frå vinterferien dei to siste åra og arrangerer ny leir for ungdom i vinterferien!

I år har vi auka kapasiteten med plass til 25 ungdommar!

 

Leiren blir arrangert frå ettermiddagen tysdag 17.februar til og med laurdag 21.februar!

Du treng ikkje noko anna utstyr enn vinterkle, men ta gjerne med eigne ski mm om du har!

I samarbeid med Skattekammeret i Spjelkavik, BUA Volda, BUA Ørsta m.fl låner vi ski og anna vinterutstyr til dei som ikkje har eige utstyr!

Informasjon om kva utstyr du eventuelt treng å låne skriv du i påmeldinga.

Det blir overnatting i hytter på Orreneset, med ein leiar på kvar hytte.

Vinterferieleiren med reise t/r, mat, alle aktivitetar og evt heiskort er gratis.


 

Førebels program/grovplan

Tysdag 17.feb

Vi sett opp eigen turbuss frå Ørsta rutebilstasjon, via Volda Rutebilstasjon, Ulsteinvik, Hareid, Mauseidvåg, Moa, Sykkylven og til Orreneset.

Det blir avreise på ettermiddagen med innkomst på Orreneset ca kl 1830/1900 på kvelden

Når vi kjem fram blir det innlosjering, og nokre bli kjent aktivitetar, kveldsmat

Onsdag 18.feb ,Torsdag 19.feb, Fredag 20.feb:

Overnatting og dei fleste måltida på Orreneset.

Det blir mykje spennande og kjekke vinteraktivitetar med ski, truger, aking, snøborger og "capture the flag" mm

Ein dag blir det moglegheiter for å køyre slalom og andre aktivitetar i og ved skisenteret.

Laurdag 21.februar

Litt aktivitet i nærområdet, pakking, avslutning og avreise

Vi sett opp eigen turbuss frå Orreneset med same rute tilbake til Volda og Ørsta rutebilstasjon

Avreise frå Orreneset truleg i 12/13-tida.
 

Detaljert program og pakkeliste blir ettersendt påmeldte
 

Dyktige leiarar med friluftslivsbakgrunn

Leirsjef for friluftsrådet er Fabian Wixe, som også var ein av leiarane på leiren i fjor.

Med seg som leiarar har han eit team med 7 studentar som studerer friluftsliv på Høgskulen i Volda.

Organisert gratis turbuss

Vi har bestilt ein eigen turbuss som går ruta Ørsta/Volda, Ulsteinvik, Hareid, Mauseidvåg, Moa, Sykkylven og Orreneset t/r.

I påmeldinga hukar du av på kva stopp du vil kome på bussen, og ein av leiarane vil møte deg på bussen.

Reiserute med tidspunkt for ulike stopp blir ettersendt saman med anna informasjon etter at påmeldingsfristen er ute.

Påmelding i skjemaet under bilda

Vinterferieopplegget er gratis og er for ungdom som går på ungdomsskulen.

Påmelding i skjemaet under!

Leirane dei to siste åra har vore fullteikna, og det er begrensa tal plassar!

Meld deg på så raskt som mogleg!

 

Siste påmeldingsfrist er søndag 11.januar

Påmelding vinterleir 2026

Deltakarinformasjon

Jente/gut 

Gjeld overnatting på rom med fleire senger. Ved hen må du gi oss utfyllande informasjon på feltet anna.

Her kan du gi oss viktig informasjon dersom deltakar har glutenintoleranse, melkeintoleranse, allergi mot egg mm. Feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt

Gjer vel og skriv om det er særskilte behov vi må ta omsyn til og korleis skal vi eventuelt handtere det. Du kan også be leiarane ta direkte kontakt for utfyllande informasjon. Feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt

Utstyr 
Klikk her dersom du treng å låne utstyr
Melde på sysken

Sidan aktivitetstilbodet er for ungdom under 18.år kan du berre melde på barn du er føresett for.

Klikk her dersom ekstra påmeldte sysken treng å låne utstyr

Kontaktinformasjon til føresette

Kopi av utfylt skjema vert sendt direkte til denne e-post adressa. Dersom du IKKJE får automatisk kopi av skjemaet har du fylt ut feil i denne e-post adressa! Gjer vel og dobbeltsjekk at e-post adressa er korrekt!

Samtykke og personvern

Løyve til bilde 

Friluftsrådet treng bilde til dokumentasjon på gjennomført aktivitet med bruk av prosjektmidlar. Bilde kan bli nytta av friluftsrådet og fylke/stat til å marknadsføre kurs, aktivitetstilbod eller som illustrasjonsbilde. Du gir også løyve til at media kan intervjue og ta bilde/film dersom ungdommen sjølv har lyst/gir samtykke i situasjonen.

Personvern 

Alle opplysningar som vert gitt i dette skjemaet vert berre nytta av friluftsrådet og leiarane på leiren til det beste for deltakar og for praktisk organisering og gjennomføring av vinterferien. Leiarane har teieplikt. Informasjonen vert lagra i friluftsrådet sin database. Ingen informasjon vert vidaresendt til andre.

Turbuss

Busstopp 

Oppgi på kva busstopp du ynskjer å bli med på turbussen frå

Her kan du skrive utfyllande informasjon til friluftsrådet. Du kan skrive beskjed til leiarane om det er noko vi bør vite eller prøve å ta omsyn til. Dette feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.