Friluftsrådet har fra 2014 hatt ansvar for drift, skjøtsel og tilrettelegging i 15 større friluftsområde i medlemskommunane.
Av desse er 4 eigd av Staten, 8 av kommunane og 3 er i privat eige. Storleiken på desse områda er til saman på 1434 dekar. I tillegg har vi skrive avtale med Langsætrane Sameige for Øyna på Overøye i Stordal knytt til at friluftsrådet har teke over ansvaret for eit spelemiddelprosjekt der.
Friluftsrådet har og delansvar for drift, skjøtsel og tilrettelegging av tiltak i andre statleg sikra område som Tueneset og Parrvika i Ålesund, Murvika i Skodje og Vassetvatnet i Sula.
Friluftsrådet har og ei rekkje eigedelar (tilretteleggingstiltak) i form av bryggjer, bruer, toalett, informasjonstavler, stiar, skiløyper etc som ein har heilt eller delvis ansvar for. Desse ligg i all hovudsak i regionalt viktige friluftsområde.
Friluftsrådet har teke ansvaret for å søkje midlar til tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging i alle dei statleg sikra friluftsområda i medlemskommunane. I 2014 vart det sendt 14 søknader, med eit samla tilskot på 765 000 kr
Gjennomførte tiltak i 2014 i dei statleg sikra friluftsområda var då;
* Svinøya i Ålesund: Opprusting av sti/trapp på sørsida
* Svinøya i Ålesund: Nytt toalett på vestsida
* Svinøya i Ålesund: Opprydding etter orkanen Dagmar
* Stafsethneset i Ålesund: Div opprydding etter orkanen Dagmar
* Spjelkavikelva i Ålesund: Reparasjon etter hærverk på toalett v/Sandingane
* Bolvika i Sula: Grillplass, turveg, benkar mm
* Vassetvatnet i Sula: Ny parkeringsplass ved Jentavika med tilkomst til turveg
I tillegg til dette er det og gjort div anna arbeid som;
* Sluttføring av arbeid med nye toalett på Brauta og Vaksvikfjellet i Ørskog kommune
* Reparasjon av toalett på Langevågsholmane i Sula kommune
* Bidrege til skilting av turstiar i Ørskog kommune i samarbeid med Ørskog Frivilligsentral
I 2014 er det brukt vel 1500 timar av tilsette i friluftsrådet (fast tilsette og engasjerte) i arbeidet ute med drift, skjøtsel og tilrettelegging. I tillegg kjem arbeid knytt til prosjektering, søknader, rapportering mm.
Friluftsrådet har og i tillegg hatt god hjelp frå andre i dette arbeidet, som;
* Mauseidvåg og Solevåg Idrettslag - vask av toalett på Taustua
* Stordal Idrettslag, langrenn - vask av toalett på Overøye i Stordal
* Vigra Kristelege Ungdomslag - vask av toalett på Blimsanden i Giske
* Gjersetdalen Villmarksområde BA - vask av toalett i Gjersetdalen i Haram
* Ålesund Rotary Øst - Dugnad Svinøya
* Lions Vegsundet - Dugnad Stafsethneset
* Vestnes Rotary - Dugnad Kråkvika
* Borgund vidaregåande skole - Bygging av toalett mm. på Svinøya