- Friluftsrådet
- Vinterferieleir i Sykkylven 2026
Vi gjentek suksessen frå vinterferien dei to siste åra og arrangerer ny leir for ungdom i ungdomsskulen i vinterferien!
Vi sett opp eigen turbuss t/r leiren frå Ørsta rutebilstasjon, via Volda Rutebilstasjon, Ulsteinvik, Hareid, Mauseidvåg, Moa, Sykkylven og til Orreneset.
Kort program (med atterhald om endringar/bytte av dagar)
- Tysdag 17.februar: Avreise med turbuss. Innlosjering og bli kjent aktivitetar
- Onsdag 18.februar: Turski og aktiviteter
- Torsdag 19.februar: Buss til fjellsætra skianlegg. Alpinski på skisenteret eller skitur/trugetur.
- Fredag 20.februar: Bygging i snø, capture the flag
- Laurdag 21.februar: Pakking/rydding, turbuss tilbake
Det blir overnatting i hytter på Orreneset, med ein leiar på kvar hytte.
Vinterferieleiren med reise t/r, mat, alle aktivitetar og evt heiskort er gratis.
I år har vi auka kapasiteten med plass til 25 ungdommar!
Per 5.januar er leiren halvfull!