
- Friluftsrådet
- Strandryddeveka 12. - 21. september 2025

Laurdag 13. september sparkar vi Strandryddeveka i gang med felles ryddeaksjon i Ramsvik i Sula. Vi møtes ved enden av Solevågsvegen, der alle får utdelt hanskar, sekkar og plan for kor dei skal rydde. Etter ryddinga samlast vi til saft og kjeks. Dette blir ein Tur med meining, der du kan kombinere strandrydding med kos og ein StikkUT!-post på kjøpet! (4) Tur med meining | Facebook
Torsdag 18. september møtast vi til standryddeaksjon på Harøya. Oppmøte ved småbåthavna på Myklebust (Hamnevegen) klokka 17. Her er det mykje rart å finne, så det er berre å hive seg med på ein spanande ettermiddag i friluft. (4) Strandrydding på Harøya | Facebook
Begge ryddeaksjonane passar for både store og små, og det vert enkel servering etterpå.
Strandyddeveka samlar årleg minst 15000 frivillige til strandrydding og er den største ryddedugnaden i Norge. Vi håpar DU vil bli med!
Om dei offentleg aksjonane ikkje passar for deg, kan du rydde ei strand nær deg akkurat når du vil. Ta kontakt med oss om du treng sekkar og hanskar.
Tips!: Sunnmøre friluftsråd har fleire prosjekt, der du kan søke motivasjonsmidlar for strandrydding. Sjekk gjerne ut nettsidene våre; kanskje laget ditt kan tene søppel på strandrydding attpåtil?
Har du spørsmål?
Kontakt oss så hjelper vi deg
-
Prosjektkoordinator marin forsøpling
Randi Kjærstad HagerupMobil: 468-08-487E-post: randi@friluftsraadet.no -
Prosjektkoordinator marin forsøpling (midlertidig)
Linda BakkenMobil: 91570094E-post: linda@friluftsraadet.no