
- Friluftsrådet
- Skule/SFO/BHG
- Aktivitetsleiarkurs 16.-17.oktober

Aktivitetsleiarkurset er det første kurset i våttkortstigen der du blir vurdert til bestått eller ikkje bestått.
Vi vil difor arrangere eit forkurs på kvelden torsdag 28.august. Forkurset vil gi deg som deltakar dei beste føresetnadane til kurset.
I løpet av forkurset vil du få tilbakemelding på padleteknikk, og vi skal innom nokre tips og triks og kanskje du får tilbakemelding om nokre øvingsmoment du bør jobbe med fram mot aktivitetsleiarkurset.
Nøyaktig kursstad for aktivitetsleiarkurset er ikkje bestemt enda.
Aktivitetsleiarkurset er på 16 timar gjennomført som to dagar a 8 timar.
Innhaldet i kurset går vi gjennom i løpet av padleturar på begge dagane.
Kursdagar: Torsdag 16. og fredag 17.oktober
Tidspunkt: 0830-1630
Stad: Ytre søre sunnmøre
Pris: Gratis for lærarar i kajakk i skulen prosjektet
Friluftsrådet stiller med alt du treng av kajakkutstyr; kajakk, spruttrekk, åre og vest.
Du må ta med våtdrakt eller tørrdrakt, varmt klesskift pakka slik at det held seg tørt, mat og drikke.
Utfyllande informasjon om kurset med litt obligatorisk fagstoff du må sette deg inn i før kurset blir sendt til påmeldte deltakarar.
Du kan lese meir om innhaldet i aktivitetsleiarkurset med Norges padleforbund: Aktivitetsleiarkurs
Påmelding så raskt som råd!