- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Påmelding friluftsskulane 2024
Generelt
Friluftsskulane blir arrangert i Hareid og på Stafsethneset i veke 26. Og i Skodje og Volda i veke 27
Friluftsskulane er for born i alderen 10.-13.år.
Friluftsskulane blir gjennomført for inntil ca 20 born med 3 vegleiarar. Alle vegleiarane har relevant utdanning og mykje friluftslivserfaring.
I tillegg gjennomfører alle vegleiarane kurs i utesymjing med godkjenning i livredningsprøve ute rett før friluftsskulane startar!
Friluftsskulane vil ha litt ulike aktivitetar i forhold til kva moglegheiter som er i nærmiljøet der dei blir arrangert.
Men det blir moglegheiter for bading og kanskje kajakkpadling på alle friluftsskulane!
Samt at vi lagar mat på bål, lærer om kart og orientering og mykje ulike leikar.
Sidan friluftsskulane er for mindreårige er det berre mogleg å melde på eigne barn som er føresett for.
Dagsprogram
Aktivitetane i friluftsskulen er i utgangspunktet frå kl 0900 til kl 1600 kvar dag.
På dag 1 vert det bli kjent leikar, ulike aktivitetar, bading og mat på bål
På dag 2 og 3 vert det fleire aktivitetar, orientering, mat på bål, leikar, bading og kanskje kajakk
På dag 4 vert det ein avsluttande tur
Pris
Friluftsskulane kostar kr 500.- per barn. Du vert sendt direkte til betaling ved påmelding.
Utfyllande informasjon og dagsprogram blir sendt til påmeldte deltakarar.
Stafsethneset 25.-28.juni
Friluftsskulen på Stafsethneset er friluftsrådet sin eldste friluftsskule.
Stafsethneset vert baseplass dei fleste av dagane.
Friluftsskulen på Stafsethneset vert arrangert frå tysdag 25. juni tom fredag 28. juni
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.
Påmeldingsfrist fredag 7. juni
Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.
Påmelding her: Friluftsskule 2024: Stafsethneset
Hareid 25.06-28.06
Friluftsskulen i Hareid er ny i år!
Vi legg opp til kjekke og spennande aktivitetar.
Baseplassen dei første dagane vert på Nessetelva-Osheim friluftsområde på vestsida av Snipsøyrvatnet
Friluftsskulen i Hareid vert arrangert frå tysdag 25.juni tom fredag 28.juni
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.
Påmeldingsfrist fredag 7.juni
Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.
Påmelding her: Friluftsskule 2024: Hareid
Volda 01.07-04.07
Vi legg opp til kjekke og spennande aktivitetar på forskjellige stadar rundt Rotevatnet.
Friluftsskulen i Volda vert arrangert frå måndag 1. juli tom torsdag 4.juli
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.
Påmeldingsfrist fredag 7. juni
Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.
Påmelding her: Friluftsskule 2024: Volda
Skodje (Murvika) 01.07-04.07
Friluftsskulen i Skodje vil nytte Murvika friluftsområde som baseplass dei fleste dagane.
Friluftsskulen i Skodje vert arrangert frå måndag 1. juli tom torsdag 4.juli
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte.
Påmeldingsfrist fredag 7. juni
Meld deg gjerne på så raskt som råd! Friluftsskulane brukar å bli fort fulle.
Påmelding her: Friluftsskule 2024: Skodje