- Friluftsrådet
- Aktivitetstilbod
- Padlefestival UNG
Kajakk er ein unik måte å oppleve kyst og vatn på, og gir raskt meistringsglede og vil for mange vere ein kjekk aktivitet ein kan halde på med heile livet.
Friluftsrådet tilbyr padleopplæring som er spesialtilpassa ungdom. Det er leik, moro og læring i trygge rammer med dyktige rettleiarar som er aktivitetsleiarar i Padleforbundet.
Vårt mål er at flest mogleg ungdommar skal få oppleve «padleglede». Ved gjennomført introduksjonskurs eller grunnkurs får ungdommane våttkort, som dei kan vise for å få låne kajakk til dømes med Bua-ordningane.
Program for padlefestival sommaren 2024 kjem så snart dette er planlagt.
Introduksjonskurs - for deg som vil prøve kajakk
På introduksjonskursa vil ein få litt grunnleggande opplæring om kajakken, med litt tips og triks for å kunne oppleve meir meistringsglede.
Introduksjonskursa passar best for deg som vil prøve og teste om kajakkpadling kan vere ein kjekk aktivitet. Kursa går over 3 timar med to rettleiarar frå friluftsrådet.
Grunnkurs - for deg som vil lære meir
På grunnkurset lærer ungdommane mellom anna om ulike farvatn, vêr, padleteknikkar, turplanlegging og ikkje minst redningsteknikkar for å kunne redde seg sjølv og andre dersom ein skulle vere uheldig.
Ein kan vere med på grunnkurset utan å ha tatt introduksjonskurset først. Normalt vert grunnkurs arrangert over to lange dagar og kan då vere slitsamt om ein ikkje er van med kajakk frå før.
Padlefestivalen sitt grunnkurs går over tre-fire dagar slik at ein får fleire og litt kortare dagar i kajakk, og ungdommane får meir overskot til leik og læring.
Prisar 2023
Introduksjonskurs kostar kr 150
Grunnkurs kostar kr 150
Betaling skjer ved påmelding.
Padlefestivalen er finansiert gjennom tippemidlar til aktivitet for barn og unge. Det gjer at friluftsrådet kan arrangere kursa til ein svært rimeleg eigenandel).
Dette treng du av utstyr
Du treng våt- eller tørrdrakt. Ta med tørt skift i vanntette posar til å ta med i kajakken, samt mat og drikke. Har du ikkje eigen våtdrakt eller tørrdrakt er det mange utstyrsbasar i regionen har utstyr til gratis utlån - sjekk her for oversikt
Du får låne kajakk, åre, spruttrekk og vest med Sunnmøre friluftsråd.
Utfyllande informasjon og pakkeliste blir sendt til påmeldte.