Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur når Stikk UT! no set fokus på verdien av å vere ute i naturen - saman!
Friluftsråda arrangerer fellesturar og aktivitetar ved ulike turmål i fylket saman med hovedsponsor Sparebanken Møre og samarbeidspartnarar ISTAD og WATTN.
Under festivalen blir det dagleg premiering av registreringar, verving av nye deltakarar og turbilde på sosiale media. Turane registrerast som vanleg i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no. Dess fleire turar du registrerer, dess større sjanse har du til å vinne; ein tur = eitt lodd!