IMG_20200126_145852.jpg

Saman på tur

«Sammen» er ein NY funksjon i Stikk UT!-appen. Her kan du sjølv ta initiativ til ein tur eller finne ein fellestur som andre har teke initiativ til.

Stikk UT! Sammen gjeld alle type turar, og kan brukast både av enkeltpersonar, grupper og organisasjoner. Målet er at fleire kan invitere andre med ut på tur, og samtidig ta ned terskelen for dei som enten ikkje har nokon å gå saman med, eller som av ulike årsaker ikkje kjem seg på dei ordinære Stikk UT!-turane.

Turen kan vere for ei lukka gruppe (til den som du sjølv veljer å invitere) eller open for alle.

NB! Friluftsrådet har ikkje arrangøransvar ut over det å legge til rette i appen. Den som inviterer til tur har heller ikkje turleiaransvar utover det å oppgi tids- og oppmøtepunktet han/ho har tenkt å gå på tur.

 

Stikk UT! Sammen ser ein i menylinja nederst i appen. Dersom den ikkje viser, må appen oppdaterast. Ein må også vere pålogga med Stikk UT!-brukar for å ta i bruk funksjonen.  

Trykk på «sammen»-funksjonen i panelet. Du ser «kommende turer» og etterkvart får du også opp «Turer jeg skal gå». 

Meir informasjon finn du her:

https://www.stikkut.no/nyheter/sammen-om-de-gode-turopplevelsene

 

Stikk UT! Sammen starta opp i 2020 som et tiltak for å få flere seniorar ut på tur saman under koronanedstengninga. Prosjektet vart finansiert av Statsforvalteren i Møre og Romsdal. Med midlar frå Sparebanken Møre er SAMMEN-prosjektet utvida, og blitt ein ny og viktig funksjon i Stikk UT!-appen.