20211208_140358.jpg

Vinnarar i fotokonkurransen er kåra

Av dei 119 bilda som blei sendt inn til fotokonkurransen, er tre verdige vinnarar no kåra. 

Dei tilsende bilda viser det beste av den særeigne naturen vi har på Sunnmøre, og gir inspirasjon og gode idear til nye turmål.

Tre på topp

Camilla Vik har teke vinnarbildet. Ho har meistra dei vanskelege lysforholda så godt at bildet av solnedgangen sett frå Veten i Sande kommune verker som eit «enkelt» bilde.

Bildet av skituren på Bondalseidet er teke av Oddbjørg Lid. Det viser eit interessant perspektiv og er teke frå ein spesiell vinkel.

På ein sterk tredjeplass kjem Paulina Sumel med bilde av Stavekollen i Sykkylven. På dette bildet er det nesten så ein blir «trekt» med inn i bildet.

Dei tre vinnarane får tilsendt sine bilde på lerret.

Sunnmøre friluftsråd takkar for alle dei flotte bidraga, og håpar at fleire har blitt inspirert til ein tur i nærnaturen med fotoapparatet! Leik i snøen, lommelykt i mørkeret og ikkje minst nordlyset kan vere motiv som kan vere spennande å fange no i tida som kjem.