Fotokonkurranse_illustasjonsfoto_Sunnmoere_friluftsraad_2.jpg

Fotokonkurranse i friluftslivets veke!

Send inn foto frå inst i fjordane til dei ytterste holmar på Sunnmøre - vi vil ha foto som viser natur og friluftsliv som kommunane har å by på! Frist: 15. sept.

 Det er stor bredde i både natur, aktivitetar og turmål i medlemskommunane våre! For Sunnmøre friluftsråd er det viktig å synleggjere dei fine turmåla og det «vanlege» friluftslivet på Sunnmøre. Vi vil ha foto som viser det karakteristiske i din kommune, det er pluss om vi kjenner igjen kvar fotoet er tatt. 

Dei tre vinnarbileta blir trykte på aluminiumsplate eller lerret og fotografen får sitt eige bilete i premie. Det blir altså kåra tre vinnarar. Dei innsendte bileta vil bli bedømt av ein liten jury. Konkurransen vert avslutta onsdag 15. september. Alle innsendte foto kan seinare bli nytta av friluftsrådet som illustrasjonsbilde (fotograf blir oppgitt). Eventuelle personar på fotoet må derfor ha godkjent at bildet kan nyttast. 

 Friluftslivets veke 4. - 12. september 2021 blir arrangert i samarbeid med Norsk Friluftsliv, som er ein fellesorganisasjon for 18 friluftsorganisasjonar. I Friluftslivets veke feirar vi norsk natur og friluftsliv gjennom ei heil veke, og håpar så mange som mogleg kjem seg ut på tur! Send fotoet ditt til: post@friluftsraadet.no