Naturlos_aug-nov_2019_skjermbilde_2021.png

Naturlos i haust?

Vurderer ditt lag eller organisasjon å arrangere gratis fellesturar med turleiar i haust? Kanskje har ordføraren lyst til å invitere innbyggjarane med på yndlingsturen sin? Friluftsrådet kan bidra med å informere. 

I mange år har Sunnmøre friluftsråd gitt ut to aviser i året med informasjon om "Ordførarens tur" og gratis turar og friluftslivsarrangement i regi av frivillige lag og organisasjonar. Koronapandemien sette ein stoppar for denne tradisjonen i 2020 og våren 2021. Men no ser det lysare ut, pandemien er på retur og stadig fleire blir vaksinerte. Og uansett er det tryggare og lettare å møtast ute, og samtidig halde nødvendig avstand, enn innandørs. Vi er mange som lengtar etter å kome oss ut i naturen og å vere saman med andre igjen. Så då er det kanskje grunnlag for å gi ut ei Naturlosavis for hausten?

Naturlos handlar om gode naturopplevingar i fellesskap med andre, og med ein "los" som viser veg og deler kunnskap med deltakarane. Det skal vere gratis og ope for alle å vere med. Rundt om i medlemskommunane til friluftsrådet finst det mange lag og organisasjonar som inviterer til slike turar, både korte og lange, i nærområdet og distriktet, lette og tøffare turar. Felles for dei er at alle kan få gratis omtale av turarne og friluftsarrangementa sine i Naturlosavisa til friluftsrådet. Det same gjeld "Ordførarens tur",  ein tradisjon i mange kommunar. Då inviterer ordføraren  innbyggjarane til å bli med på ein tur ho eller han har eit nært forhold til, og gjerne vil dele med andre. Det kan vere så enkelt som berre å gå turen saman, eller ein kan ha arrangement undervegs eller på turmålet i tillegg. 

For å avgjere om det er grunnlag for å gi ut ei ny Naturlosavis til hausten, treng vi tilbakemelding frå aktuelle arrangørar så snart som råd. Om vi får inn nok stoff, er planen å gi ut avisa i august. Den blir distribuert til alle husstandane i medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd.  

Send e-post til May Britt Haukås, may@friluftsraadet.no, eller ring/send melding til mobil 977 09 653.