1. mai startar årets Stikk UT!-sesong, med heile 248 turmål på Sunnmøre, 91 av dei er nye denne sesongen. Totalt er det 471 turmål å velje mellom i fylket. Alle deltakarane kan samle turmål og poeng også til arbeidsplassen sin, dersom verksemda er med på Stikk UT! Bedrift. Med eiga registreringsløysing for bedriftene, kan ein velje å konkurrere med andre arbeidsplassar om å ha dei mest aktive tilsette, eller berre bruke turtrimmen for å skape samhald, trivsel og betre helse på jobben. Stikk UT! Bedrift er rimeleg for verksemda og gratis for deltakarane - og passar til alle slags arbeidsplassar, både private og offentlege.
Det er tre ulike "pakkar" å velje mellom, les meir her: