Å inspirere er ein vesentleg del av arbeidet med Slå på ringen og derfor skal det produserast filmsnuttar med uteleikar som kan vere med på å inspirere til meir latter, glede og variert uteleik. Filmane blir tilgjengelege for alle på vår YouTube-kanal. Det blir lagt ut ein film kvar veke frå og med 4. mai ut 2021. I tillegg skal det i 2021 produserast små inspirasjonsvideoar som kan bidra til å utforske ulike uteareal sett i eit rørsleperspektiv. Og sist men ikkje minst skal det produserast små portrett av menneske som er opptekne av leik og rørsle. Følg med for her kjem mykje digg framover.
Korleis kan skulen/læraren og andre bruke filmane praktisk?
Vi forslår at den vaksne ser filmen først for så å lære leiken bort til elevane sjølv. Vår erfaring er at det er mykje meir inspirerande å lære av kvarandre enn via ein skjerm.