Prosjektet består av inspirasjonssamlingar for elevar i barneskular.
I tillegg blir det i 2021 kurs for dei tilsette i skulen med leik, rørsle, og kreativitet ute som tema. Det tredje elementet i prosjektet er etablering og utvikling av ein digital leikebank der skulane og andre kan hente inspirasjon.

Uteleik er mykje meir enn frisk luft og fysisk aktivitet. Her møtest framtidsferdigheitene og fagfornyinga. Leik, rørsle og læring heng saman. Leik er sosial forståing, utforsking, rørsle, fantasi, samkjensle, tryggleik og strategi.
Prosjektleiar er Inger Bakke i Sunnmøre friluftsråd. Ho er utdanna skodespelar og lang erfaring i arbeid med leik, rørsle og kreativitet.