Hundsvær og Tyskholmen har ei spennande historie langt tilbake i tid, både som fiskevær og handelsstad. Men no er det mange tiår sidan dei siste fastbuande reiste, og holmane har fått gro att.
Sunnmøre friluftsråd har lenge ønska å tilrettelegge for friluftsliv på holmane, og når kommunen no har fått innvilga statleg sikring av dei, opnar det for å gå i gang. Og når Møre og Romsdal fylkeskommune lyste ut ekstramidlar i samband med koronapandemien, søkte vi pengar til å lage ein skisseplan. Den vart delvis innvilga, og med eigne midlar i tillegg, kunne vi engasjere Norconsult til å lage planen for oss. På førehand er det utarbeidd ein detaljert forvaltningsplan i samarbeid med kommunen.
Det blir dyrt å realisere alt vi ønskjer oss, ca. 12-13 millionar kroner, men vi tek det steg for steg og vil søkje både offentlege og private midlar til tiltaka. Første søknaden, om toalett, er alt sendt.
I samarbeid med to lokale saueeigarar har Skjergardstenesta allereie gjort ein stor jobb med rydding og trefelling på holmane. Og sauene har gjort ein formidabel innsats med å beite ned lyng og kratt. Det er råd å ta seg fram på holmane no, men mykje står framleis att. Flytebrygge er på plass, vi er i gang!
Her er skissene som viser korleis vi tenkjer oss det kan bli på holmane etter kvart: