Stikk UT! Bedrift har blitt ein stor suksess, og dei aller fleste som har vore med tidlegare melder seg på igjen kvart år. Fleirtalet er med på Stikk UT! i sommarhalvåret, men nokre har også vore med på Stikk UT! Ski. Denne sesongen varer frå 15. desember til 2. påskedag.
Men snø og flotte skiløyper er ikkje likt fordelt i kommunane, og mange har etterlyst eit turtilbod til fots om vinteren. Dei fleste kommunane har turar som er like fine å gå heile året, og det å kome seg ut på tur er like viktig uansett årstid. Derfor startar vi i år ein prøvesesong med Stikk UT! Vinterfottur i same perioden som Stikk UT! Ski. Deltakarane kan fritt vere med på begge, og det blir ulike topplister for kvar av turformene.
Nytt i år er også at vi tilbyr heilårspakkar med Stikk UT! til arbeidsplassar som vil satse på aktivitet og turglede også i den mørke årstida.
Her kan du lese meir om tilbodet:
![]() | Stikk_UT__ski_-Bedrift_SFR_nov2020_Nynorsk.pdf |
Påmelding her: Stikk UT! Bedrift! -påmelding ny sesong