Konglekasting3.JPG


Glede og meistring med Leikepatruljen

Leikepatruljen handlar om glede, å bevege seg, natur, kreativitet og sosiale relasjonar.  Friluftsrådet tilbyr gratis kurs til barneskulane i fylket, heile 70 har til no meldt seg på for 2020.


Leikepatruljen er eit prosjekt for å styrke den fysiske, elevstyrte uteleiken. Vi held inspirasjonssamlingar for elevane, og kurs og rettleiing  for lærarar og vaksne i skulen. I tillegg driv vi ein open digital "leikebank" som de finn på nettsida vår, vi gir råd og deler ut enkelt leikeutstyr til skulane. Prosjektet byggjer på gleda i å bevege seg, natur, kreativitet og sosiale relasjonar. Det er også ein grunnleggande kulturverd i å lære vidare tradisjonelle uteleikar til nye generasjonar, ofte leikar som krev lite utstyr og som alle kan delta i. 

Vi held inspirasjonssamlingar for elevane i skular som alt er med i Leikepatruljen, og nye skular som vil bli med. Det er berre å ta kontakt, så legg vi ein plan saman. Vi held også praktiske kurs for tilsette i skule og SFO. Kursa er på 3 timar og kan tilpassast planleggingsdagane på skulen. 

Ta kontakt med prosjektleiar Inger Bakke: inger@friluftsraadet.no, mobil 482 18 981 

Tilbodet er gratis og er støtta av Gjensidigestiftelsen.

Leikehefte til gratis nedlasting:

download   Leikepatruljen-2020-versjon-1-2020.pdf