IMG_20190626_113552.jpg

Murvika (Skodje/Ålesund) 2020 >

Beklager - denne friluftsskulen er fullteikna

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca. kl 0900-1600. 

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Orientering
  • Tur
  • Leikar mm.

Til saman er det 20 plassar på Friluftsskulen i Murvika. 

Leiarar

Leiarane heiter Ingrid Rui (koordinator), Louise Holmelund Tackmann, Jan Vidar Øyen og Lea Aaserud Borgen.

Eventuelle spørsmål om friluftsskulen sendes til Ingrid Rui, på e-post friluftsskule@friluftsraadet.no eller ein tek kontakt på tlf: 99596928

Covid-19 tilpassing på friluftsskulane:

  • Grunna situasjonen med Covid-19 vil borna delast inn i to faste grupper på 10 og 10 born.
  • Kvar gruppe vil ha to faste leiarar som er saman med borna.
  • Desse to gruppene kjem til å jobbe sjølvstendig gjennom heile friluftsskulen.
  • Smittevernråd er at born som treng transport vert køyrd i lag med eigen familie.
  • Mindre moglegheiter for samkøyring vil medføre meir trafikk så vi kjem og til å organisere differensiert levering og henting.
  • Det betyr at ei gruppe vil starte tidlegare enn den andre gruppa:
  • Gruppa A (10 barn) oppmøte kl 0900 - slutt kl 1545
  • Gruppe B (10 barn) oppmøte kl 0915 - slutt kl 1600
  • Det vert organisert gode rutiner for handvask eller handsprit, og aktivitetane vil ikkje legge opp til fysisk nærkontakt.
  • Som smitteførebygging vert det desverre ikkje felles matlaging i år og borna må difor ta med eigen mat. 
  • Det vert heller ikkje overnatting på friluftsskulane i år.

 Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar.

Måndag 29.06 - Aktivitetar i Murvika

09.00-15.45 (09.15-16.00). Bli kjent, bading, leikar og aktivitetar

Tysdag 30.06 - Aktivitetar i Murvika

09.00-15.45 (09.15-16.00). Orientering, spikking, bading, leikar og aktivitetar

Onsdag 01.07 - Aktivitetar i Murvika

09.00-15.45 (09.15-16.00). Orientering, spikking, bading, leikar og aktivitetar

Torsdag 02.07 - Turdag

09.00-15.45 (09.15-16.00). Turdag, samt førebuing til tureventyr .

Fredag 03.07 - Tur og avslutning

09.00-15.45 (09.15-16.00). Turdag, tureventyr.

Utfyllande informasjon med dagsplan, pakkeliste, turmål og informasjon om smitteførebyggande rutiner i forhold til Covid-19 vert sendt til påmeldte deltakarar.

Påmelding : BEKLAGER FULLT

Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar.

12 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar. 

 Friluftsskulen har eit tak på ca 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar.

Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under. Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.

BEKLAGER _ FULLT


Informasjon om deltakar
Fullt namn på deltakar:* 
Jente/gut:* 


Bustadkommune:* 
















Fødselsår/alder:* 




Informasjon om føresette
Fullt namn på føresett:* 
Epost til føresett:* 
Kopi av utfylt skjema vert sendt direkte til denne e-post adressa. Dersom du IKKJE får automatisk kopi av skjemaet har du fylt ut feil i denne e-post adressa! Gjer vel og dobbeltsjekk at e-post adressa er korrekt!
Mobiltelefon/tlf til føresett:* 
Vi er tilgjengelig på telefon/mobil:* 
Det er svært viktig at friluftsskulen har eitt kontaktnummer (helst mobil) der ein av dei føresette er å treffe under gjennomføringa av friluftsskulen i fall vi skulle trenge å ta kontakt!
Nokre løyver til bruk av bilde og fotografering
Bilde og film i media:* 
Får friluftsskulen/journalistar ta bilde/film av ditt barn til medieomtale under friluftsskulen?


Bilde og film til heimeside, trykt materiell ol:* 
Får friluftsskulen ta bilde/film som viser ditt barn på bruk til heimeside, presentasjonar, trykt materiell og reklame for andre friluftsskular?


Sosiale media:* 
Får friluftsskulen ta bilde/film som viser ditt barn til bruk i sosiale media som Facebook, Instagram ol?


Løyve til aktivitetar i og ved vatn
Om vatn, bading og båt:* 
Friluftsskulen ynskjer at borna skal få vasse og bade dersom dei har lyst og det ikkje kolliderer med andre aktivitetar. Det blir berre bading/vassing under tilsyn av minimum ein av leiarane. Evt aktivitet i kajakk eller båt blir gjennomført under rettleiing av leiarane.



Viktig informasjon. Allergi ol, personvern og ynskje om gruppe
Viktig informasjon om deltakar:* 
Har deltakar allergi eller er det anna viktig informasjon som friluftsskulen må vite om? Nytt dette feltet for å gi oss god informasjon. Dette er eit obligatorisk svarfelt. Gjer vel å svar eit kort NEI om deltakar ikkje har allergi eller liknande.
Tegn igjen
Gruppe: 
Dersom barnet du ynskjer å melde på gjerne vil vere saman med ein slektning/sysken eller kamerat så gjer vel og skriv namnet på den/dei deltakarane her. Vi skal prøve å tilpasse ynskje du skriv her så godt som mogleg. Informasjon blir ettersendt til påmeldte deltakarar når påmeldingsfristen har gått ut. Feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt.
Tegn igjen
Personvern av opplysningar:* 
Alle opplysningar som vert gitt i dette skjemaet vert berre nytta av friluftsrådet og leiarane på friluftsskulen til det beste for deltakar og for praktisk organisering og gjennomføring av friluftsskulen. Leiarane har teieplikt. Informasjonen vert lagra i friluftsrådet sin database som er knytt til heimesida. Ingen informasjon vert vidaresendt til andre.

Anna
Fritekstfelt: 
Her kan du skrive utfyllande informasjon til friluftsskulen. Du kan skrive beskjed til leiarane om det er ting vi bør vite eller prøve å ta omsyn til. Dette feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt.
Tegn igjen