WC_Brauta_i_OErskog.jpg


Friluftsrådet og koronasmitte

Naturmøteplassane på Aksla i Ålesund, Kråkvika i Vestnes og Bugardsmyrane i Ulsteinvik er avlyste på ubestemt tid. Alle toaletta til friluftsrådet blir stengt så snart vi rekk det for å unngå spreiing av viruset. 

Alle møte og arrangement i regi av friluftsrådet er avlyste inntil vidare for å hindre spreiing av koronasmitte.  Også utstyrsbasen vår er stengt for utlån til faren for smitte er over.

Nokre av toaletta våre er framleis opne, men blir stengt etter kvart som vi rekk å kome rundt. 

Arbeidet med førebuingane til årets Stikk UT! sesong vil gå som normalt. Vi oppmodar alle som kan om å framleis gå ut på tur, men hald avstand til andre og følg råda frå helsestyresmaktene.