Fraa_utdelinga_av_Miljoeprisen_2019_fraa_AAlesund_kommunar._Varaordfoerar_Tore_Johan_OEvsteb.__t.h.__delte_ut_prisen._Foto_Peder_Otto_Dybvik.jpg

Foto Peder Otto Dybvik

Miljøpris til Sunnmøre friluftsråd

Sunnmøre friluftsråd får Miljøprisen 2019 frå Ålesund kommune!

Det var eit samrøystes formannskap i Ålesund kommune som vedtok at Miljøprisen 2019 skal gå til Sunnmøre friluftsråd. Vi fekk prisen for arbeidet vårt med tilretteleggingstiltak, skjøtsel og vedlikehald i friluftsområda vi har ansvar i, for Skjergardstenesta og arbeidet med marin forsøpling. Prisen vart delt ut av varaordførar Tore Johan Øvstebø på kommunestyremøtet den 5. desember. 

I friluftsrådet er vi svært glade og takksame for prisen - det gjer godt at arbeidet vårt bokstaveleg talt blir sett pris på!