Skjermbilde.PNG


Bli med på tur!

I avisa Naturlos får du informasjon om ei rad turar og friluftslivsarrangement dei neste månadane som er gratis og opne for alle å vere med på. 

Å gå på tur i lag er ein fin måte både å bli kjent med nye folk og nye turmål på. I medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd er det mange lag og organisasjonar som inviterer til turar og arrangement i tida framover. Her er alle slags turar: I fjell og fjøre, korte og lange. Fleire av dei går til turmål som er med i Stikk UT! 2019. 

I Stranda, Skodje, Stordal og Ørskog stiller ordføraren som turleiar og inviterer folk med på ein spesiell tur: Ordførarens tur. Det er berre å møte opp og bli med!

Friluftsrådet gir ut to Naturlos-aviser kvart år. Den første inneheld turar i perioden mai-juli. Haustavisa kjem ut i starten på august.

Heile Naturlos for mai-juli finn du her:
      
download   Naturlos_mai_2019_ny_versjon.pdf