Sunnmøre friluftsråd har 13 medlemskommunar og desse kommunane har til saman ein lang kyst. Ei av dei største utfordringane våre er å få kartlagde desse områda for eigarlaust marint avfall.
Dersom du veit om, eller er ute på tur og oppdagar søppel i eit område, ring oss, send ein e-post eller ei melding, slik at vi får registrert område. På denne måten kan vi få ei meir effektiv rydding av fjørene våra.
Er du interessert i å hjelpe med rydding som enkeltperson eller tar initiativ til aksjoner i ditt nærområdet, hjelper vi med tilrettelegging. Vi deler ut utstyr (sekkar og hanskar) og hjelper til med å få frakta bort avfallet som er samla opp.
Vi opprettar aksjonskode i Hold Norge Rent sin Ryddeportal om de ikkje gjer dette sjølv. Gjer de det sjølve knyt til Sunnmøre friluftsråd Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre som organisasjon så hjelper vi dykk med ustyr og henting av søpla.
Kontakt oss på:
E-post: annhelen@friluftsraadet.no
-Tlf: mobil: 46 80 84 87