Aktivitetsdagen er eit opent tilbod til barn og unge som er gamle nok til å klare seg sjølve aleine, og som i samråd med føresette kan bli med på aktivitetar i regi av friluftsrådet.
På nokre dagar vert skulefritidsordning invitert med i tillegg. Og vi gjer merksam på at på tysdag i Stranda vert det ikkje open dag for andre born, men berre eit tilbod til borna i Ringstad skule SFO. Årsaka er at vi desverre ikkje har kapasitet til å gi eit tilbod til fleire..
Aktivitetane som leiarane våre organiserar denne dagen er mellom anna:
- Vikingleikar
- Taubruer
- Diverse leiker
- Spikking
- Stjerneorientering
- Rebusløp
- Grilling/mat på bål
Opplegget vert tilpassa område og talet på barn som kjem, det gjer at det kan verte andre aktivitetar enn forslaga over.
Presisering og avgrensing
- Det er ikkje påmelding til denne aktivitetsdagen.
- Friluftsrådet sine leiarar er tilstades i tidsrommet 0900-1500.
- Leiarane vil sjå til at alle born og unge som er i området har det kjekt, og får tilbod om å delta i aktivitetar og grilling.
- Sidan det ikkje er påmelding kan friluftsrådet ikkje ha ansvar for einskilde born i forhold til om, eller når dei kjem og går.
- Borna må difor vere gamle nok til å klare seg sjølve og deltek på aktivitetsdagen i samråd med sine føresette.
- Borna kan kome og gå som det passar, men det er sjølvsagt kjekkast om dei er med heile dagen og kjem ved oppstart.
Gjer vel og ta med:
- Godt humør og gjerne ein kompis
- Kle til å vere ute (Varme kle/vottar/lue)
- Termos med varm drikke
- Grillmat og fat
- Kopp
- Sitteunderlag
5 ulike aktivitetsdagar i 5 ulike kommunar: Alle dagar er rettleiarane tilstades mellom kl 0900-1500 |
|||
Dato | Kommune | Stad | Anna |
Måndag 08.10 |
Ulstein | Bugardsmyrane |
3 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet. Open for alle. |
Tysdag 09.10 |
Stranda | Ringstad skule SFO | Denne dagen er det berre aktivitet for SFO (Ikkje open for andre) |
Onsdag 10.10 | Volda | Årneset |
3 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet. Open for alle, og Bratteberg og Vikebygda SFO er også invitert. |
Torsdag 11.10 | Ørsta | Baksida av Ørsta ungdomsskule |
3 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet. Open for alle, og Velle SFO er også invitert. |
Fredag 12.10 | Ålesund | Stafsethneset |
2 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet. Open for alle, ingen SFO er invitert |
Kom UT 2018! Velkommen til kjekk aktivitetsdag med friluftsrådet!
Her finn du kart over stadar og tidspunkt: