Med økonomisk støtte frå Friluftsrådenes Landsforbund og Møre og Romsdal fylkeskommune gir Sunnmøre friluftsråd kvart år ut to aviser i samarbeid med Nytt i Uka med informasjon om turar i medlemskommunane. Dei fleste blir arrangert av lokale lag og foreiningar, men det er ikkje nødvendig å vere medlem for å bli med.
Denne første utgåva i år omfattar turar i perioden mai-juli. I starten på august kjem den neste, med arrangerte turar utover hausten. Ta vare på avisa og plukk ut dei turane du har lyst og høve til å bli med på.
Du kan også lese avisa her:
![]() | Naturlos_mai-juli_2018.pdf |