I høljande regnver og sterk vind møtte 20 deltakarar opp til Klart det går-kurset på Sjøholt siste torsdagen i september. Alle godt kledde og klare for å lære meir om kva dei dei kan finne på av kjekke aktivitetar ute. Kursleiar Christer Lundberg Nes, med medhjelparane Stina Johansson og Malin Ytterhaug Giske, guida deltakarane gjennom eit tett program som inkluderte både spennande ting langs grøftekantane, korleis fyre opp bål i regnver , korleis lage sivlykter, og sjølvsagt laga dei mat på bål.
Sunnmøre friluftsråd inviterer til eit nytt Klart det går-kurs om ettermiddagen torsdag 6. oktober. Denne gongen blir kurset på Stafsethneset i Vegsundet i Ålesund. Kurset er gratis og deltakarar frå alle medlemskommunane til friluftsrådet kan vere med.
Du finn meir informasjon og påmeldingsskjema her: