presenningskast.jpg

Turtipskurs i Haram og Vestnes

Er du glad i å gå på tur ute i naturen, men nøyer deg med å gå frå A til B med nistemat i sekken? Kunne det vere kjekt av og til å fyre opp eit bål og lage mat ute, ja, kanskje til og med overnatte under stjernene?

Kveldskurs for foreldre og vaksne 

Vi har ein sterk turtradisjon her i landet og stadig fleire oppdagar gledene ved å vere ute i naturen. Men ikkje alle kjenner seg trygge på å fyre opp bål og lage mat ute på tur. Når er det lov, forresten? Og kvar? Og korleis kan det vi ser undervegs på turen brukast til å finne på kjekke aktivitetar? Særleg barn syns ofte det er keisamt å berre gå til ein fjelltopp og ned att. Men slik treng det ikkje vere, det er mangt å finne på undervegs som kan gjere turopplevinga endå finare.

Sunnmøre friluftsråd inviterer til to gratis kveldskurs for å dele kunnskap, tips og idear med foreldre og andre vaksne som ønskjer å få endå meir ut av turane sine.

Det første kurset blir i Haram ved Synnalandsvatnet/fannevatnet 12.oktober. Det andre kurset blir i Kråkvika i Vestnes veka etterpå den 19.oktober

Kursinformasjon og påmelding Synnalandsvatnet/fannevatnet 12.oktober

Kursinformasjon og påmelding til Kråkvika 19.oktober