Gjensidige_1.jpg

Glade tilsette i Friluftsrådet for Ålesund og omland tok imot den generøse gåva til turregistreringskonkurransen Stikk UT! frå Gjensidigestiftelsen. Frå venstre: Pål Henry Høyberg, May Britt Haukås, krinsleiar i gåveutvalet til gjensidigestiftelsen i Møre og Romsdal, Halldor Lillebø, Christer Lundberg Nes og Geir Martinsønn Haugli. Foto: Marte Alvestad.

Ein million til Stikk UT!

- Stikk UT representerer alt det Gjensidigestiftelsen står for og vil støtte, seier Halldor Lillebø, krinsleiar for gåveutvalet til stiftelsen i Møre og Romsdal.

Onsdag overleverte han ein gåvesjekk på ein million kroner til Friluftsrådet for Ålesund og omland. Pengane skal brukast til å få endå fleire ut av sofaen og ut på tur.

Gåveutvalet i Gjensidigestiftelsen i Møre og Romsdal hadde vel sju millionar kroner til utdeling til gode formål i fylket i år. Av desse får Friluftsrådet for Ålesund og omland den største enkeltgåva: Ein million kroner til utviding og vidareutvikling av turregistreringskonkurransen Stikk UT! på Sunnmøre og i Vestnes dei neste tre åra.

Det er eit ønske at fleire kommunar enn dei ni som er medlemmar i friluftsrådet i dag skal bli med. Håpet er at Stikk UT! etter kvart skal bli eit tilbod til befolkninga i alle kommunane på Sunnmøre, slik det er i nordre delen av fylket. Turregistreringskonkurransen er utvikla av friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og er ein viktig årsak til at nesten alle kommunane der har meldt seg inn i friluftsrådet dei siste 10 åra.


Gjensidige_2.jpg

Denne gåva blir til glede for svært mange, sa dagleg leiar i Friluftsrådet for Ålesund og omland, May Britt Haukås, då ho takka for gåva til Stikk UT!. Halldor Lillebø (midten) overleverte på vegne av Gjensidigestiftelsen og driftsleiar Pål Henry Høyberg i friluftsrådet held sjekken. Foto: Geir Martinsønn Haugli.

Stikk UT! er eit samarbeidsprosjekt mellom friluftsråda, medlemskommunane, og ikkje minst alle dei frivillige i kommunane som gjer den praktiske jobben med skilting av turane som blir valt ut.

 Kvar kommune har etablert ei Stikk UT!-gruppe som kvart år skal plukke ut turane som får vere med. Turgåarane registrerer koden dei finn på turmålet via mobiltelefon eller nettsida til Stikk UT!, samlar poeng og konkurrerer med seg sjølv og andre om kor mange turar dei klarer i løpet av sesongen. På nettsida kan dei heile tida følgje med på korleis dei ligg an.

Men viktigast for dei fleste er naturopplevingane, turgleda, at kondisjon og helse blir betre, og ikkje minst det å oppdage for eit fantastiske mangfald av flotte turar som finst i regionen.

Gjensidige_3.jpg

Foto: Christer Lundberg Nes


Friluftsrådet for Ålesund og omland starta første Stikk UT!-sesongen 1. mai 2015 med 82 turmål i dei ni medlemskommunane. Ved sesongslutt 31. oktober hadde 3247 personar registrert 47 641 turar. Og endå mange fleire har signert i turbøkene.

 I 2016 reknar friluftsrådet med at tala vil auke, ikkje minst takka vere den generøse gåva frå Gjensidigestiftelsen.