Stikk UT!-premien klar for kjøp

Dei tekniske problema er løyst, no kan alle Stikk UT-brukarane i medlemskommunane til Friluftsrådet for Ålesund og omland handle i nettbutikken fram til og med 8. november. 

DNT_t-shirt.jpg



Trykk her for å gå til nettbutikken >>

Årets premie er ei T-skjorte i rein ull utvikla spesielt for Stikk UT! av Devold . Produksjonen startar når kjøpsfristen er ute den 8. november 2015. Desse T-skjortene er det altså berre Stikk UT!-brukarane som får kjøpe. Retten til å kjøpe har vaksne med minst sju registrerte turar og barn under 10 år som har gått minst 6 turar. Du kan kjøpe så mange T-skjorter du vil,  men tida for kjøp er avgrensa fordi Devold produserer desse T-skjortene spesielt for Stikk UT!.

Når T-skjortene er ferdige ved årsskiftet kan dei hentast ved sørviskontoret/frivilligsentralen i medlemskommunane til friluftsrådet. Dette gjer vi for å kunne tilby T-skjortene til prisen på kr. 350 for vaksne og 250 for barn. Det er også årsaken til at du i år må handle via nettbutikken til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Vi sender ut beskjed når T-skjortene kan hentast.

Vi er stolte over å kunne tilby ein så flott premie i den aller første sesongen av Stikk UT! på Sunnmøre og i Vestnes!