Barn_lavvu.jpg


Friluftscamp på Vollset/Flofjellet

For born 9-13 år (4.-8.kl.)

Laurdag 5.-søndag 6.september 2015

Yngre born kan vere med dersom foreldra er der

Laurdag 5. september «Natt i naturen»
Vi møtest kl. 10.30 på parkeringa ved starten av Flofjellsvegen og går saman opp til leirplassen ved vatnet.

Alle tek med niste til fyrste måltid + liten nistepakke.

  • Velkomen. Bli kjent aktivitetar
  • Oppsetjing av lavvoar og graving av latrine (do )
  • Padling på Nedstevatnet og ulike opplegg
  • Vi lærer om landskapsformene i kring oss og ser på bergartar/mineral
  • Felles middagslaging ute
  • Friluftsaktivitetar, leik og moro
  • Bålkos med grilling m.m.


Søndag 6. september «Kom deg ut dagen»
08.00 Vekking
08.30 Frokost ute. Smøre nistepakke.
         Rydding, nedtaking av lavvo, pakking. Vi tek berre med dagstursekkane på turen.
         Resten pakkar vi klart til vi kjem tilbake til leiren.
10.30 Klar for turavgang (open tur der også andre kan få vere med)
         Det vert fellestur med start frå leirområdet ved Nedstevatnet kl. 10.30. Open for alle. Vi går turen over Flofjellet tur/retur.

Informasjon elles
Utstyr-ta med: Sovepose, liggeunderlag, kopp, drikkeflaske eller termos, drikke (viss du vil ha anna enn vatn), djup tallerken (til suppe), bestikk, fjellsko/gode sko som tåler litt vatn/væte (lurt å gå i fjellsko + ha med joggesko), klesbyte (nok klede til å kunne byte om alt viss du blir våt/kald, hue, vindtett jakke, regnklede, varm gensar (strikkagensar el. fleece), stilongs, ulltrøye, raggsokkar, vottar (viss kaldt vêr), klede til å ligge i om natta (gjerne ulltrøye, stilongs og ullsokkar), tannbørste og tannkrem, andre toalettsaker etter behov, lite handkle, lommelykt. Viss du vil: Sitjeunderlag, tollekniv, fotoapparat. Mobil kan vere kjekt å ha, men vi legg den bort under aktivitetar og måltid. Fiskestang (for den som vil fiske).

MERK: Hugs særskilt nok klede - om du skulle bli gjennomvåt under padling. Til turen søndag - gjerne liten sekk til dagstur.

Mat: Vi kjøper inn mat til alle måltid med unntak av eit brødmåltid laurdag føremiddag og turniste den dagen. Elles kan borna ta med seg litt godteri til bålkosen laurdag kveld, og ev. ein sjokolade eller liknande til turen søndag. Ikkje overdriv

Overnatting: I lavvo.

Påmelding: Til Merete Løvoll Rønneberg innan onsdag 3. september.

Mobil: 99376585

E-post: merete@verdsarvfjord.no

Pris: Kr. 200 pr. deltakar til dekking av matutgifter m.m. Betalast ved frammøte. NB: Max. 25 deltakarar.

Arrangør: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Friluftsrådet for Ålesund og omland