Skikompis.jpg

Kjøp boka i din bokhandel eller sportsbutikk, eller hos Friluftsrådet!

Skikompis

Friluftsrådet har arbeidd i mange år med skredførebyggjande arbeid og turar og trivsel i vinterfjellet

I 2013 fekk Friluftsrådet gitt ut boka "Skikompis" i samarbeid med Selja forlag

Boka har blitt svært godt motteken - og er no pensum i aktuelle liner på tre høgskular og universitet.

Samt at den er pensum på dagskurs skred Nordisk, dagskurs skred Alpint. Grunnkurs skred Nordisk og Grunnkurs skred Alpint i Norsk Fjellsportforum

SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet.

Lær deg å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning, om uhellet er ute.
Boka fortel òg korleis du skal forstå og nytte skredvarsel.

SKIKOMPIS handlar om å vere minst to personar på tur. Ferdselsråd, køyremønster og redning heng direkte saman med terrenget og kor mange som går i lag.

Boka er svært praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd.

SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste.
Kunsten er å finne den tryggaste linja - med den beste snøen!

Kontakt Christer for informasjon om kurs og foredrag med emnet Skikomips - trygg ferdsel, snøskred og snøomvandling

Friluftsrådet kan halde kurs og foredrag med Skikompis-boka som utgangspunkt.

Vinteren 2015 har Friluftsrådet og kjøpt ein modell av eit fjell til bruk i opplæring - les meir her!

Friluftsrådet har og oppretta ei eiga Facebook-gruppe for Skikompis og ei eiga heimeside som presenterer litt meir boka.

www.skikompis.no

www.facebook.com/skikompis

Friluftsrådet har og lagt ut nokre presentasjonar og fagstoff som Christer og Friluftsrådet har utvikla, og som du kan laste ned og bruke. Skikompis til nedlasting


Fjellskikkprisen--1-.jpg

Christer fekk Fjellskikkprisen 2013 av president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv og leder i Landsrådet til Røde Kors Hjelpekorps, Ole Gladsø (til venstre )

Fjellskikkprisen 2013!

Christer fekk i 2013 også Fjellskikkprisen med Norges røde kors hjelpekorps for vårt skredførebyggande arbeid! Fjellskikkprisen 2013