Kalenderhendelser
Dato Navn Sted
25.08.2019 10:30 Naturlostur, Fremste Skorkja Frå Hjellesetra i Vaksvika, Ørskog

Natrulostur til Fremste Skorkja frå Hjellesetra i Vaksvika
Bli med på ein variert, spanande tur i Ørskog. Du må krysse små-elvar, gå over myrar og moreneryggar, oppover skredmark og ur før du til slutt kjem opp på ei stor flate med blokkstein og kan rusle utover mot høgste toppen. Frå toppområdet kan du glede deg over ei storslått utsikt mot Storbotnshornet, Grytavasstinden, Svartvassegga, Lauparen og Sunnmørslauparlægda. Går du fram på kanten ved toppen, ser du rett ned i Grytavatnet og vatna i Trollbotnen og Isbotnen. Det blir lagt inn pausar undervegs t.d. ved det fine Litlebotnsvatnet. Slik finn du fram: Ta av til venstre frå R 650 rett etter den krappe svingen over elva i Vaksvika. Følg StikkUt skilting vidare til parkeringa på Hjellesetra. Bomveg, kr 25. Turen passar også til fjellvante barn og unge.

Målgruppe: Vaksne

Turlengde: Lang tur >8km

Oppmøtestad: Hjellesetra i Vaksvika

Oppmøtetid:
10.30 på parkering Hjellesetra
Turvert:
Ronny Hjelle og Vidar Amdam

Kontaktinformasjon turvert:

Les mer »