Vassproever_Stafseth1.jpg


Vassprøver på Stafsethneset

Friluftsrådet vil lage badestrand på Stafsethneset i Ålesund

Stafsethneset i Vegsundet i Ålesund er ei perle. Men badestranda treng oppgradering slik at det går an å vasse der også for små barn. Friluftsrådet har søkt om midlar til å lage ei skikkeleg badestrand med skjellsand der. Og vi har sendt vassprøver til analyse for å forsikre oss om at sjøen er av ein slik kvalitet at vi kan tilrå bading.

No har svaret kome: Det er ingen grunn til ikkje å bade på Stafsethneset! Om vi får positivt svar også på søknaden om midlar blir der ny badestrand til sommaren!