- Friluftsrådet
- Velkommen til Stikk UT! vinter 2026-27
Vinteren er ei flott tid for å oppleve naturen. Frisk luft, snø under skoa, fint lys og små opplevingar langs turvegen kan gi både energi og godt humør. Det treng ikkje vere langt eller krevjande for å gi ei god turoppleving. Ein tur ut i nærområdet, ein liten omveg på veg heim eller eit besøk til eit nytt turmål kan vere nok til å gi påfyll i kvardagen.
I vinterens sesong er det totalt 471 turmål i fylket. 314 av dei er fotturar og 157 er skiturar. Turmåla finn ein i Stikk UT!-appen og på stikkut.no. Her finn ein også informasjon om turane og registrere besøka.
Vintersesongen startar 1. desember og varer fram til 15. april 2027.
Finn turane i ditt nærmiljø - nedlastbare kart
Til denne vinteren er det laga eigne digitale vinterkart for kvar kommune. Kartet gir ei samla oversikt over Stikk UT!-turmåla i kommunen og gjer det enkelt å finne nye turmål og kanskje oppdage nærområdet på ein ny måte.
Her kan du laste ned kommunevise kart. Dei kan skrivast ut i A4 eller A3:
Ålesund (gamle) Vinterkart 2026-27
Stikk UT! i Lag
Frå og med denne vinteren blir det også mogleg å vere med på Stikk UT! i Lag. Den nye satsinga er gratis for deltakarane og skal gjere det enklare å vere fleire saman om turaktiviteten. Her kan deltakarane motivere kvarandre og skape gode turvanar i fellesskap.
Med Stikk UT! i Lag kan turaktiviteten bli ein sosial arena der ein inspirerer kvarandre til å kome seg ut, enten ein er ein vennegjeng, eit idrettslag, ei skigruppe, ei foreining eller anna.
Meir informasjon og påmelding (frå 1. desember) gjer du her.
Oppdatert løypeinformasjon
I vinter får skiløparar i Møre og Romsdal enklare tilgang til både skiturmål og oppdatert informasjon om preparerte skiløyper – heilt gratis. I Stikk UT!-appen finn du ein direkte link til Skiappen med status på preparering i skiløypene.